Daily Express

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daily Express
Type Tabloidavis
Grunnlagd 1900
Eigarar Richard Desmond
Utgjevar Express Newspapers
Språk Engelsk
Politisk tilknytting Konservativ
Opplag 761 637
Nettstad www.express.co.uk

Daily Express er ei britisk tabloidavis med eit opplag på 761 637 (per februar 2007).

Avisa, som politisk er konservativ, blei grunnlagd i 1900. Søndagsutgåva, Sunday Express, vart lansert i 1918. Daily Express tilhøyrer Richard Desmond, og er flaggskipet i avisgruppa Express Newspapers, som òg gjev ut Daily Star.

Daily Express har hatt eit fallande opplag over dei siste 25 åra.

Den redaksjonelle linja er overvegande sensasjonsprega, og ho har sidan prinsesse Diana døydde i 1997 fleire gonger lagt fram konspirasjonsteoriar kring dødsfallet hennar som framsidestoff. Dette har medført at avisa er blit omtalt som Daily Ex-Princess og Diana Express

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]