Daily Mail
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Daily Mail | |
| Type | Morgonavis |
|---|---|
| Format | Tabloidavis, fullformat |
| Grunnlagd | 1896 |
| Språk | Engelsk |
| Politisk tilknytting | Konservativ |
| Opplag | 2 300 000 |
Daily Mail er ei britisk morgonavis som blir gjeven ut i London.
Daily Mail blei grunnlagd i 1896 av Alfred Harmsworth. Den var prega av moderne trykkteknikk og nyhendejournalistikk, og vart på 1920-talet den største morgonavisa i Storbritannia. Redaksjonen i avisa har tradisjonelt vore konservativ, og Daily Mail var før ei mellomformatsavis med eit redaksjonelt innhald som låg mellom kvalitetsavisene, som vart trykt i fullformat, og den skandaleprega tabloidpressa. Avisa kjem no ut i hendig tabloidformat. Med eit opplag på over 2,3 millionar daglege eksemplar er Daily Mail den nest største avisa i Storbritannia, etter The Sun. Ho er òg den tredje største i Europa, og nummer elleve på verdsbasis.