Daisy Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°3′S 37°11′W
Daisy Point
nes
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°3′S 37°11′W
Daisy Point is located in Antarktis
Daisy Point (Antarktis)

Daisy Point er eit nes som strekkjer seg ut mot sjøen frå dei høge klippene på austsida av Bay of Isles i Sør-Georgia. Det ligg 0.5 nautiske mil vest for Cape Wilson, nær innløpet til Beckmannfjorden. Namnet Low Point vart gjeven til neset, truleg av eit lag frå Discovery Investigations som kartla området i 1929. Etter kartlegginga i 1951–52 rapporterte South Georgia Survey at denne delen av kysten var høg og kupert, og at neset, som er relativt lågt, ikkje passar med skildringa «låg.» Det nye namnet, tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1954, er kalla opp etter seglskuta «Daisy» i New Bedford i Massachusetts, som under kaptein Benjamin D. Cleveland vitja Bay of Isles i 1912–13.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Daisy Point» (innhald frå Geographic Names Information System).