Dakkhini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dakkhini (hindi: दक्खिनी dakkʰinī), også kjend som deccani (urdu: دکنی), er ein dialekt av urdu, evt. ein dialekt av hindi, snakka i Deccan-området i det sørlege India, særleg i byen Hyderabad, i delstaten Andhra Pradesh. Det finst ein rik skriftleg tradisjon på dialekten, som har vorte svekka den siste generasjonen.

Namnet på dialekten kjem frå sanskrit dakshin, «sør», og han blir snakka i Deccan-området i India. På same måten som urdu vart utvikla i Delhi, vart dakkhini utvikla i det sørlege India som eit resultat av ei blanding av fleire ulike indiske og nokre persisk-baserte språk.

Dakkhini er lingua franca for muslimane i Sør-India, særleg dei som lever i området rundt og sør for Hyderabad og i delstaten Karnataka. Dakkhini blir snakka i eit stort områda sør for Hyderabad, og det er dialektskilnader også innanfor dahhkini-området. Dakkhinitalarane skriv urdu, heller enn å skriftfeste sitt eige talespråk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]