Dalasau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalasau

Dalasau er ein norsk kryssingssau som blei rekna som den mest utbreidde sauerasen i Noreg fram til nemninga Norsk Kvit Sau blei innført i 2000/2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dalarasen blei ala fram i Hordaland rundt 1925 gjennom kryssing av spælsau og ulike engelske rasar (truleg sutherland, leicester og sjeviot).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dalasau er ein storvokst og grovbygd sauetype som typisk veg 80-90 kilo (søyer). Sauen er kvit med kritkvite dekkhår på bein og hovud, men svart nase og klauvar. Han har store, svakt hengande øyre.

Sauen produserer mykje ull av middels kvalitet og har god kjøtfylde.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I 2006 var 6 % av dei registrerte søyene i Sauekontrollen dalasau, men ein del av dei registrerte dyra høyrer nok eigentleg til rasen Norsk Kvit Sau.

Før dette blei heile 43 % av dyra tilslutta Sauekontrollen rekna som dalasau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]