Dale kyrkje i Fjaler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°21′48″N 5°23′44″E

Dale kyrkje
Dale kirke 01.jpg

foto:kirkenorge.no

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Sunnfjord
Prestegjeld:  Fjaler
Fellesråd:  Fjaler
Sokn:  Fjaler
Innvigd:  24. november 1864
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Ukjend
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Altartavle:  av Anders Askevold
Plassar:  550

Dale kyrkje står i Dale i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.

Dale kyrkje i Fjaler (Sogn og Fjordane)
Dale kyrkje i Fjaler
Plasseringa til Dale kyrkje i Fjaler

Den noverande kyrkje er ei tømra langkyrkje i tradisjonell stil. Nygotiske trekyrkjer av denne typen vart det bygd mange av i Noreg i andre halvdel av 1800-talet. Kyrkja vart reist av byggmeister Johannes Øvsthus frå Hosanger og ho kosta om lag 5000 spesiedalar. Ein veit ikkje kven som har teikna bygget.[1] Kyrkja har oppunder 550 sitjeplassar og har vore hovudkyrkja i Fjaler sidan 1894.

Innhaldsliste

[endre] Tidlegare kyrkjer

Det finst ingen sikre opplysningar om når det første kyrkja vart reist i Dale. Truleg var den første kyrkja ei stavkyrkje. I det historiske dokumentet Bergens Kalvskinn frå kring 1350 er ”Dalskirkue” nemnd. Det var truleg den andre kyrkja i Fjaler. Denne vart riven i 1593 for å gje plass for ei ny kyrkje; ei tjørebreidd, bordkledd tømmerkyrkje, som vart ståande fram til 1863. Denne kyrkja finst det avblildning av. Den kjende landskapsmålaren Anders Askevold har henne med på eit oljemåleri frå Dalsbygda i 1853.

I 1772 vart alle kyrkjene i prestegjeldet selde på auksjon og kom i privat eige, men i 1860 ga konsul Jansen kyrkja til Dale kyrkjelyd utan vederlag. Då denne kyrkja vart for lita og dessutan var i dårleg stand, vart ho riven i 1863 og den nye kyrkja sto ferdig året etter. Døypefonten, ei gammal altertavle som heng på skrå oppe i koret og kyrkjeklokkene som no er i Dale kyrkje er frå eldre kyrkjer. Elles er ei kyrkjedør frå mellomalderen i samlinga ved Bergen Museum. Det er òg er ein preikestol frå 1620, medan ein messehakel frå 1650 er teken vare på i Kunstindustrimuseet i Oslo.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk