Dalia Grybauskaitė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dalia Grybauskaitė

Dalia Grybauskaitė (fødd 1. mars 1956) er ein litauisk politikar og president i Litauen frå 12. juli 2009. Ho har tidlegare vore viseutanriksminister, finansminister og EU-kommissær for finans. Ho er den første kvinnelege presidenten i Litauen.

Dalia Grybauskaitė voks opp i ein arbeidarklassefamilie i Vilnius, hovudstaden i den litauiske sovjetrepublikken i den dåverande Sovjetunionen. Mora var seljar, faren elektrikar og sjåfør. 19 år gammal jobba ho eitt år for det litauiske filharmoniske orkesteret. Så begynte ho å studera politisk økonomi ved universitetet i Leningrad. Samstundes jobba ho på ein fabrikk. I 1983 var ho ferdig med studiane, og vende tilbake til Litauen, der ho fekk sekretærjobb i Vitskapsakademiet. I 1988 tok ho doktorgrad i Moskva. I 1990, etter at Litauen vart sjølvstendig studerte ho ved Georgetown University i Washington DC i USA.

I 1991 begynte Grybauskaitė å jobba med utanrikssaker i det litauiske embetsverket. Ho var nestleiar for delegasjonen som forhandla om litauisk EU-medlemskap. I 1999 vart ho visefinansminister, i 2000 viseutanriksminister og i 2001 finansminister i regjeringa til Algirdas Brazauskas. Då Litauen vart medlem av EU 1. mai 2004 vart ho medlem av Europakommisjonen. Fram til 11. november 2004 var ho kommissær for utdanning og kultur, så vart ho kommissær for finans og budsjett.

I februar 2009 kunngjorde ho kandidaturet sitt til presidentvalet i Litauen det same året. Ho stilte som uavhengig kandidat, men kandidaturet hennar vart støtta av det konservative partiet Fedrelandsunionen - Litauiske kristendemokratar (Tėvynės sąjunga - Lietuvos krikščionys demokratai). Under valkampen lova ho å kjempa mot finanskrisa ved å verna dei med dei lågaste inntektene, forenkla byråkratiet og gjennomgå regjeringa sitt investeringsprogram. Ho lova òg ein meir balansert utanrikspolitikk, med eit betre forhold også til Russland. I valet, 17. mai 2009, vann ho klart med 68,2 % av stemmene og vart den første kvinnelege presidenten i Litauen den 12. juli same året.

Grybauskaitė snakkar litauisk, engelsk, russisk, fransk og polsk. I ungdommen spelte ho basketball, og ho har òg svart belte i karate. Ho har nemnt Margaret Thatcher og Mahatma Gandhi som politiske førebilete.

Føregjengar
Valdas Adamkus
President i Litauen
2009
Etterfylgjar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 12. februar 2010.