Dalian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotomontasje med motiv frå Dalian
Plasseringa av Dalian (gul) i Liaoning
Zhongshan-torget i Dalian
Dahei-fjellet, 663 meter over havet, ligg sør i Dalian

Dalian (kinesisk skrift 大連, pinyin Dàlián) er ein kinesisk subprovinsiell storby sør i provinsen Liaoning i Kina, på Pulandianhalvøya ved kysten av Gulehavet. Dalian har eit areal på 13 237 km² og hadde om lag 6,2 millionar ibuarar i 2009. I sjølve storbyen budde knapt 3,6 millionar menneske.

Den subprovinsielle byen Dalian har jurisdiksjon over seks distrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Dalian har mykje fiskeindustri. Ein av dei viktigaste marinebasane i Kina ligg i Dalian. På grunn av sitt milde klima er byen ein ynda ferieby for dei nordlegaste delane av Kina.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Lufthamna Dalian Zhoushuizi er den flyplassen i Nordaust-Kina med størst trafikk.

Kinas riksveg 201 ender opp i Dalian. Han byrjar i Hegang i provinsen Heilongjiang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodonghalvøya til Lüshunkou og Dalian. Også Kinas riksveg 202 endar opp i Dalian. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, før han endar i Dalian.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 500-talet var Dalian ei av dei største hamnene i Kina. Under vår- og haustannaltida låg byen under staten Yan.

Storbritannia okkuperte området i 1858, ein okkupasjon som tok slutt i 1880-åra. Qing-dynastiet bygde ut byen til det viktigaste støttepunktet for nordflåten. Denne flåten gjekk tapt i 1895 under den fyrste kinesisk-japanske krig, etter som Japan vann krigen.

Frå 1898 til 1905 kontrollerte Russland området gjennom ein tvungen forpaktingsavtale. Okkupanten kalla byen for Dalnij og Lüshun for Port Arthur, desse to nabobyane er i dag samla. Bygginga av den transmandsjurske jarnbanen førte til stor aktivitet i byen. I denne perioden hadde byen mange russiske innbyggarar. Dalian og Vladivostok var då dei to endestasjonane for den transsibirske jernbanen.

Etter den russisk-japanske krigen 1904/05 okkuperte Japan byen i 40 år, som del av det japanske Kwantungterritoriet. Då japanarane etablerte Manchukuo i 1932 vart byen overført til dette japansk-styrte lydriket. Etter andre verdskrigen vart byen i realiteten styrt av Sovjetunionen. Fyrst i 1955 vart byen tilbakeført til kinesisk styre.

I 1984 vart Dalian ei særleg økonomisk sone i Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]