Dalruner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalruner
Runeinnskrift frå 1635 på Orsblecksloftet i Zorns gammelgård i Mora.

Dalruner er ein type runer som vart nytta i delar av Dalarna i Sverige, der dei var i bruk fram til starten av 1900-talet. Dei fleste kjente og bevarte innskrifter med dalruner er skore ut i tre og dei eldste av desse er frå 1500-talet. Dalarna saknar nesten heilt kjente runesteiner. Størstedelen av innskriftene er funne i bygdene ved Älvdalen i den nordlege delen av landskapet. Med tida fekk fleire av runene stadig større likskap med tilsvarande teikn i det latinske alfabetet. Til og med Å, Ä og Ö vart lånte inn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Fornvännen 1906 (på svensk) På side 90 finst ei samanstilling av dalruner frå fremst 1600- og 1700-tala, i tabellform.