Dalsfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dalsfjorden sett frå Kornbergsfjellet 2006

Dalsfjord er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal, opphavleg ein del av Volda kommune. Geografisk er Dalsfjorden ein arm av Voldsfjorden.

Dalsfjord blei frådelt frå Volda som eigen kommune 1. juli 1924. Kommunen hadde ved etableringa 960 innbyggarar.

1. januar 1964 blei Dalsfjord igjen slått saman med Volda til den nye Volda kommune. Dalsfjord sitt innbyggartal hadde på dette tidspunktet auka til 1151.

På austsida av fjorden har ein i retning innover: Kornberg, Nautvik og Dale. Inst i fjorden ligg Steinsvik. På vestsida av fjorden i retning utover har ein: Åmelfot, Inselset, Aksnes, Løvik, Holen, Lisjemyra, Dravlaus, Lauvstad og Velsvik.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for gamle Dalsfjord kommune frå 1924 til 1964:

1.7.1924[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[1]
960 1022 1167 1137 1168 1151

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Dalsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå