Dalsfjordbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalsfjordbrua

Dalsfjordbrua
Typehengebru
StadFjaler og Askvoll
Opna14. desember 2013
StrekningFylkesveg 609
Lengd619 meter
Høgd101 m
Største spenn523 m
Breidd12 meter
KryssarDalsfjorden
Materialestål
UtformingHengebru
Geo. koor.61°22′25″N 005°23′47″E / 61.37361°N 5.39639°E / 61.37361; 5.39639
Kart
Dalsfjordbrua
61°22′25″N 5°23′47″E / 61.37361111°N 5.39638889°E / 61.37361111; 5.39638889

Dalsfjordbrua er ei vegbru over Dalsfjorden i Vestland fylke. Hengebrua har ei lengde på 619 meter, eit spenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Ho vart opna 14. desember 2013.[1] Brua er bygd som ein del av prosjektet Dalsfjordsambandet og inngår i fylkesveg 609. På vestsida går vegen inn i Ottersteintunnelen, medan på austsida av brua går vegen i ein 290 meter lang tunnelarm inn til ei rundkjøring inne i Nishammartunnelen.

Bruplanar[endre | endre wikiteksten]

Bruplanane stammar frå 1960-åra med eit ynske om å få vegsamband mellom Askvoll og Førde og Dale med veg på nordsida av Dalsfjorden. Mellom anna vart det samla inn 1200 underskrifter til støtte for dette prosjektet i 1962. Seinare vart det avgjort at det skulle byggast bru over Dalsfjorden. I 1975 starta bygginga av vegen frå ferjeleiet på Eikenes og innover fjorden mot Otterstein, der Dalsfjordbrua skulle byggast over til Nishammar på sørsida. Etter at fire kilometer veg og ein tunnel var blitt bygd, vart vegarbeidet stoppa i 1979. Finansieringa til prosjektet vart i 1981 overført til andre prosjekt, og vegprosjektet som til då hadde kosta 13 millionar kroner, endte i fjellveggen. Slik stod den uferdige vegen til arbeidet vart teke opp att i 2010.

Vedtak på fylkestinget[endre | endre wikiteksten]

Midt på 1990-talet vart bruplanane tekne opp att, og i 2005 gjekk Sogn og Fjordane fylkesting inn for å prioritere Dalsfjordbrua.

Årsdøgntrafikk[endre | endre wikiteksten]

I følgje trafikkanalyser var årsdøgntrafikken 45 bilar over ferjeleiet Dale-Eikenes i 2007, og ein venta årsdøgntrafikk (ÅDT) på 750 bilar innan 5 år etter at brua vart opna.[2][3]

I 2018 var ÅDT på 777 bilar - noko meir enn det Statens vegvesen hadde som grunnkalkyle.[4]

I Dalsfjordtunnelen, på nordsida av fjorden nokre kilometer frå Dalsfjordbrua, ligg ein trafikkteljar.[5] All utfart frå sørsida over brua til utfartsparkeringa til Heileberget, Fossedalen og Laukelandsfossen vert ikkje registrert i denne teljaren.

Den teljaren viste i 2019 ÅDT på 822 bilar.[6] Juli 2020 viste teljaren eit snitt på 1034 bilar pr døgn.

Byggjekostnader[endre | endre wikiteksten]

Heile prosjektet kosta omkring 1,1 milliardar kroner, der halvparten var til sjølve brua.[7] Til samanlikning kosta ein sykkelveg 1,4 milliardar å byggje.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Askvoll kommune: Offisiell opning av Dalfjordsambandet.[daud lenkje]
  2. Reguleringsplan Dalsfjordbrua (arkiv 2010-04-07) i 2.1 Trafikk «Årsdøgntrafikken (ÅDT) på eksisterande rv. 57 var i 2007 utrekna til ca.750 ved Setenes. I Dale sentrum nord er ÅDT 1100. På ferjestrekninga Dale-Eikenes er ÅDT 45. SINTEF Veg- og transportplanlegging har gjort fleire trafikkanalysar for det nye sambandet over Dalsfjorden. Prognosane deira viser at det i opningsåret 2013, vil vere ÅDT 750 på rv. 609 over Dalsfjordbrua.»
  3. Lillesvangstu, Tone Merete (17. september 2014), «Lågare trafikk enn venta på Dalsfjordbrua», NRK (på norsk bokmål), henta 25. august 2020 
  4. «Års- og månadsdøgntrafikk i kontinuerlege trafikkregistreringspunkt i Sogn og Fjordane» (PDF). Statens vegvesen. Henta 20. august 2020. 
  5. «Trafikkdata», www.vegvesen.no, henta 26. august 2020 
  6. Trafikkdata 
  7. Våre Veger, nr 6, 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]