Dalsfjorden på Sunnmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar, sjå Dalsfjorden.
Dalsfjorden sett frå Kornbergsfjellet 2006
Lokalt vert denne fjellnabben kalla "Galten".Den stikk fleire meter ut frå fjellsida.

Dalsfjorden er ein 17 kilometer lang fjordarm av Voldsfjorden i Volda kommuneSunnmøre. Den største djupna i fjorden er 209 m.

Fjorden har innløp mellom Bjørkvoll i nord og Rysteneset i sør. Frå her går fjorden nesten rett sørover.

På austsida av fjorden har ein i retning innover: Kornberg, Nautvik og Dale. Inst i fjorden ligg Steinsvik. På vestsida av fjorden i retning utover har ein: Åmelfot, Innselset, Aksnes, Dravlausbygda, som inneheld: Løvik, Holen, Lisjemyra, Dravlaus, Ulvestadbygda som inneheld Sætre, Lauvstad og Ulvestad og Velsvik.

Det ligg ein barneskule på Lauvstad og ein barne- og ungdomsskule i Dravlausbygda.

Dalsfjord kyrkje ligg på Dravlaus i Dravlausbygda.

Fjorden er omgjeven av høge fjell og fjordsidene i den indre delen av fjorden stig bratt opp til 600-800 meter over havet.

Anleggsarbeidarar frå Dalsfjorden spesialiserte seg midt på 1800-talet i å bygge fyr, fyrlykter og sjømerke langs norskekysten. Deira verksemd har fått sitt minnesmerke i heimbygda, Dalsfjord fyrmuseum.[1]

Fv40 går langs begge sider av fjorden. Det går ferje mellom Lauvstad og Volda.

Dalsfjord var eigen kommune, skild ut frå Volda frå 1. januar 1924, fram til den igjen blei slått saman med Volda frå 1. januar 1964 til den nye Volda kommune.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettside for Dalsfjord fyrmuseum

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]