Dalsnibba

Koordinatar: 62°02′55″N 07°16′09″E / 62.04861°N 7.26917°E / 62.04861; 7.26917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalsnibba
fjell
Utsyn over Geirangerfjorden frå Dalsnibba
Land  Noreg
Område Stranda (Møre og Romsdal)
Høgd 1 476 moh.
Primærfaktor 166 m
Koordinatar 62°02′55″N 07°16′09″E / 62.04861°N 7.26917°E / 62.04861; 7.26917
Kart
Dalsnibba
62°02′55″N 7°16′09″E / 62.048611111111°N 7.2691666666667°E / 62.048611111111; 7.2691666666667
Wikimedia Commons: Dalsnibba

Dalsnibba er eit fjell i Møre og Romsdal, 1495 moh., like ovanfor Geiranger, sju km frå Geirangerfjorden. Frå her er det god utsikt, og det er derfor eit populært turistmål. Frå fylkesveg 63 ved Djupvasshytta er det bomveg til toppen av Dalsnibba. Vegen er vinterstengt. Vegen vart bygd 1937-39 av omsyn til turisttrafikken som då var gått over frå hest til bil - med motorkjøretøy vart den lange og bratte vegen opp frå fjorden heilt til toppen av Dalsnibba overkommeleg.

Nibbevegen vart bygd i perioden 1937-39, men ikkje offisielt opna før i 1948.[1] Geiranger Skysslag hadde initiativet medan arbeidet vart leia av vegvesenet. Det var vegdirektør Hans Hagerup Krag som lanserte ideen 50 år tidlegare då han sjølv stakk ut Geirangervegen.[2] Nibbevegen vart lagt med ei stigning på 1:8, ti svingar (minste radius 6 m) og vegbreidde 3,5 m. Trollstigen vart opna året før arbeidet på Nibbevegen tok til slik at mange av arbeidsstyrken på 50 mann hadde erfaring fra Trollstigen. Tiltaket kosta den gongen 145.000 kr og bompengetaksten var 4 kr for personbilar og 12 kr for bussar (anleggsarbeidarane fekk til samanlikning opp mot 1 kr og 50 øre timen).[3] Vegen vart offisielt opna av samferdselsminister Nils Langhelle 18.juli 1948 i samband med at «Stella Polaris» som første turistskip etter krigen gjekk inn til Geiranger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holmevik, Jan Rune (1989): Nibbevegen Geiranger 50 år 1939-1989. Geiranger skysslag.
  2. Vinje, Leif (1989): Nibbevegen. Eit pionerprosjekt frå ide til realitet. Geiranger skysslag: Nibbevegen Geiranger 50 år 1939-1989.
  3. Mjelva, Sverre (1989): Opplysninger om Nibbevegen. Geiranger skysslag: Nibbevegen Geiranger 50 år 1939-1989.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.