Dalyitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dalyitt er eit sjeldan mineral som hittil berre kjennest frå nokre få førekomstar i verda. Det opptrer i små mengder i ein gangbergart ved Dalsfjord i Sunnfjord og er stadvis nokså utbreidd i Gjerdingen-ekeritten i Nordmarka.

Det er eit kalium-zirkonium-silikat med formel K2ZrSi6O15. Det er kalla opp etter den amerikanske geologen R. A. Daly (1871–1957).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]