Damfrosk
| Damfrosk | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Animalia | |
| Underrekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Amphibia | |
| Orden: | Anura | |
| Familie: | Ranidae | |
| Slekt: | Rana | |
| Vitskapleg namn | ||
| Rana lessonae
Camerano, 1882
|
||
| Damfrosk | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Gölgroda |
| Dansk | Kortbenet grøn frø |
| Engelsk | Pool Frog |
| Tysk | Kleiner Wasserfrosch |
| Fransk | Petite grenouille verte |
| Spansk | Rana verde centroeuropea |
| Russisk | Prudovaja ljagusjka (Прудовая лягушка) |
Damfrosk (Rana lessonae) høyrer til gruppa ekte froskar, og er den sjeldnaste forsken i Noreg, der han ikkje blei registrert før i 1986. Han likar seg i grunne dammar på stader med masse sol, og mykje insekt. I fleire land, mellom anna England, er damfrosken utrydda, og det han var nært ved å bli utrydda i Arendal òg. I dag finst der kring 50 levande individ igjen. Fisk som et rumpetroll er eit problem, og arten er kategorisert som kritisk utryddingstrua på norsk raudliste 2006 (i same kategori som fjellrev og ulv).
I Europa er arten vanleg nokre plassar, og populasjonen i Arendal blir rekna som ein av verdas nordlegaste, og ved sidan av ein populasjon i Uddevalla er dette den einaste ved Skagerrak. Han kan ha kome hit ein gong då klimaet var mildare, kanskje for fleire tusen år sidan. Individa som har overlevd har gjennom generasjonar tilpassa seg eit kaldare klima enn artsfrendane lenger sør i Europa, og nettopp difor er det viktig at dei nordlege populasjonane ikkje blir utrydda, men forblir ein del av den genetiske variasjonen innanfor arten.
Det er politisk vedtatt at det biologiske mangfaldet skal oppretthaldast i Noreg, og difor blir det nå gjort tiltak i regi av miljøavdelinga hos fylkesmannen i Aust-Agder slik at damfrosken skal få utvida område å leva i.