Damptettleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Damptettleik kan syne til anten absolutt damptettleik eller relativ damptettleik.

Absolutt damptettleik er tettleiken til damp uttrykt i masse per volumeining, som til dømes kg/m³. For umetta dampar, der Boyle–Mariotte-lova gjeld, er damptettleiken proporsjonal med molekylmassen til dampen og lova kan tene til å avgjere molekylmassen.

Relativ damptettleik er forholdet mellom den absolutte damptettleiken til ein damp og tettleiken til ein normalgass, som til dømes luft, ved trykket og temperaturen til dampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]