Damsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Damsay
Geografi
Damsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°1′ N 3°4′ WKoordinatar: 59°1′ N 3°4′ W
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,18 km²

Høgaste punkt 11 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Damsay (norrønt Damsey/Daminsey) er ei øy i Orknøyane i Skottland. Ho er om lag 18 hektar stor og berre 11 meter over havet på det høgaste. Ho ligg i Bay of Firth nord for Orkney Mainland nær Finstown. I nærleiken ligg den vesle øya Holm of Grimbister.

Damsay frå Ward of Redland på Mainland i Orknøyane

Øya er ikkje lenger busett og ein gong stod ein norrønt hall her. Her vart Erlend Jarl drepen av Ragnvald Orknøyjarl og Harald Maddadsson Jarl i 1155. Erlend feira jul på øya. Drukken trekte han og mennene sine tilbake til skipa sine, og her vart dei overraska og drepne.[1]

Seinare vart det bygt eit lite nonnekloster på øya og det oppstod ei segn om at froskar og padder (eller kanskje rotter og mus) ikkje kunne bu på øya. Det vert sagt at ugifte kvinner som vart gravide kunne kome til øya og be ved ein forlaten heilagdom for Jomfru Maria.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Caithness history
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. Moir, Tom, The West Mainland in Omand, Donald (ed.) (2003) The Orkney Book. Edinburgh, Birlinn. s. 192.