Dan Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dan Brown

Dan Brown (fødd 22. juni 1964) er ein amerikansk forfattar, verdskjend for Da Vinci-koden, men har også skrive fleire bestseljarar. I 2004 låg alle fire romanane hans på New York Times si bestseljarliste.

Brown var nemnd på lista «World's 100 Most Influential People» av TIME Magazine, og har arbeidd for ein rekke radio- og fjernsynsstasjonar, aviser og andre nyheitsmedium. Bøkene hans er omsett til over 40 forskjellige språk.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Brown voks opp i Exeter i New Hampshire i USA, som den eldste av dei tre borna i familien. Mora hans Constance, eller Connie, var profesjonell musikar, og spelte orgel i kyrkja. Faren hans skreiv lærebøker og var mattematikklærar på Phillips Exeter Academy frå 1968 til han pensjonerte seg i 1997. Phillips Exeter Academy var ein eksklusiv internatskule, og det innebar at faren måtte bu på skulen, det måtte dermed kone og born òg.

Miljøet i Exeter var stort sett kristent. Dan song i kyrkja, gjekk på sundagsskulen og deltok på kristne sommarleirar i store delar av oppveksten. Han gjekk på den offisielle skulen inntil niande klasse, då han begynte på Phillips Exeter Academy. Her blei han ferdig i 1982, og søkte seg inn på Amherst College. Her blei han medlem av Psi Upsilon fellesskapet, som både presidentar, senatorar og andre kjente personar har vore med i. Her spelte han squash og song i Amherst Glee Club.

Musikk-karriere og samliv[endre | endre wikiteksten]

Dan gjekk ut av Amherst med beste karakterar i både engelsk og spansk i 1986, og ville prøve seg med å lage lydeffektar med ein synthesizer, og lagde ein kassett kalla SynthAnimals som blant anna inneheld spora "Happy Frogs" og "Suzuki Elephants". Denne selde han nokre hundre kopiar av, og starta eit innspelingsselskap kalla Dalliance, og i 1990 produserte han ein CD med namnet Perspective som sikta seg inn mot det meir vaksne marknaden.

Denne selde han òg nokre hundre kopiar av. I 1991 flytta han til Hollywood for å prøve seg som songskrivar og pianist. For å tene pengar til opphaldet arbeidde han på Beverly Hills Preparatory School. Under opphaldet i Los Angeles blei han med i National Academy of Songwriters. Det var der han trefte Blythe Newlon som var Academy's Director of Artist Development. Utan om den offisielle jobben hennar tok ho oppgåva med å fremje prosjekta til Dan. Ho skreiv til pressen for han, fekk tak i oppdrag for han og skaffa kontraktar med personar som kunne vere viktige for karrieren hans.

Etterkvart utvikla det seg eit personleg forhold mellom Dan og Blythe. Dette blei ikkje kjent før i 1993, når Dan flytta tilbake til New Hampshire, og fekk vete at Blythe ville flytte saman med han. Dei gifta seg i 1997, i Pea Porridge Pond, som ligg nær North Conway, New Hampshire. I tillegg til å ha vore ei stor støtte innan musikk-karrieren, har ho hatt stor innverknad på Brown sin karriere som forfattar. Det siste musikalske verket er CD-en Dan Brown, som inneheld songane ”976-Love” og ”If You Believe in Love”.

Heiltidsforfattar[endre | endre wikiteksten]

I 1996 bestemte Dan seg for å bli fulltidsforfattar, og i 1998 kom boka Den digitale festning ut. Blythe gjorde mykje arbeid med å skrive presseuttaler, få Dan med på fjernsynsshow og sette opp intervju og liknande for han. Nokre månader seinare kom den humoristiske boka The Bald Book ut. Boka kom eigentleg ut under namnet til kona, men ein representant for forlaget sa at det var Dan som hovudsakleg hadde skrive ho.[treng kjelde] I 2000 kom Iskaldt bedrag ut, men Brown er ein effektiv forfattar, så ikkje lenge etter Iskaldt bedrag kom Engler og demoner. Dei tre fyrste romanane hans hadde forholdsvis liten suksess, i lyset av den fjerde: Da Vinci-koden. Da Vinci-koden blei reven av hyllene umiddelbart, og var ein suksess utan like. Den toppa New York Times si bestseljarliste den fyrste veka etter utgivinga. Den blir no sett på som ei av dei bestseljande bøkene i historia, med heile 60,5 millionar selde kopiar. Suksessen har gjord at dei andre bøkene sine salstal òg skaut i veret. Inntektene hans på Da Vinci-koden var utrulege 1,6 milliardar kroner. Og i oktober 2004 donerte Brown og syskena hans 14 millionar kroner til Phillips Exeter Academy til ære for faren. I 2006 blei det lansert ein film av Da Vinci-koden og er blitt ein av årets mest omdiskuterte film, sjølv om den i det heile har fått forholdsvis dårlege kritikkar. Faktisk har Dan laga både filmmusikk og kodar til filmen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Humor[endre | endre wikiteksten]

  • 187 Men to avoid: A Survival Guide for the Romantically Frustrated Woman, 1995, Berkeley Publishing Group, saman med Danielle Brown (psevdonym til kona Blythe Brown)
  • The Bald Book, 1998, saman med Blythe Brown

Musikk[endre | endre wikiteksten]

  • SynthAnimals, eit barnealbum
  • Perspective, 1990, Dalliance. Music CD
  • Dan Brown, 1993, DBG Records
  • Angels & Demons, 1995, DBG Records
  • Musica Animalia, 2003, a charity CD for the organization Families First

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]