Dana Adası

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 36°11′N 33°46′E

Dana ada.jpg

Dana Adası (òg kalla Kargıncık Adası, latinsk Pithyussa) er ei lita øy i Middelhavet utanfor Tyrkia.

Dana Adası ligg langs sørkysten av Tyrkia i provinsen Mersin. Øya ligg 2,5 km utanfor kysten og sundet mellom øya og fastlandet heiter Kargıcaksundet. Øya er 2,7 km lang og 900 meter på det breiaste. Det høgaste punktet på øya er 250 meter over havet.

Øya har vore busett sidan romartida. Det er ruinar av få kyrkjer, gravplassar, hus, akvedukter, eit romersk bad og ei hamn på nordsida av øya. Det er òg nokre ruinar kysten av fastlandet på andre sida av sundet, og truleg fungerte desse stadane som kontrollstasjonar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Report of Research Institute

Koordinatar: 36°11′N 33°47′E