Dancing in the Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Dancing in the Street»
Singel av Martha and the Vandellas
frå albumet Dance Party
B-side «There He Is (At My Door)»
Utgjeve 21. juli 1964
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 19. juni 1964
Sjanger Soul
Lengd 2:40
Selskap Gordy
G 7033
Låtskrivar(ar) Marvin Gaye, William «Mickey» Stevenson, Ivy Jo Hunter
Produsent William «Mickey» Stevenson
Martha and the Vandellas-kronologi
«In My Lonely Room»
(1964)
«Dancing in the Street» «Wild One»"
(1964)

«Dancing in the Street» er ein song frå 1964 først spelt inn av Martha and the Vandellas. Songen er ein signaturlåt for både Motown og bandet som spelte han inn.

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Songen vart produsert av William «Mickey» Stevenson og skriven av Stevenson og Marvin Gaye. Songen la vekt på at ein bør ha det kjekt uansett kva by lyttaren høyrer heime i. Songen vart skriven av Stevenson som viste ei første utgåve av teksten til Gaye som ein ballade. Gaye meinte at songen høyrdest dansbar ut. I lag med låtskrivaren Ivy Jo Hunter skreiv dei songen ferdig og han vart spelt inn på to forsøk.

Songen vart ein stor hit på dansegolvet og var ein føregjengar for discorørsla i 1970-åra. Songen fekk likevel ein heilt annan meining då mange unge svarte demonstrantar utropte songen som ein hyllest til borgarrettar og eit ønske om samfunnsendringar. . Dette førte til at songen vart svartelista av enkelte radiostasjonar.

«Dancing in the Street» nådde andreplassen på den amerikanske singellista og vart så gjeven ut på det tredje albumet til gruppa, Dance Party i 1964. Songen nådde òg femteplass i Storbritannia, og fjerdeplass i 1969 då songen vart gjeven ut på ny.

I 2006 vart det annonsert at Martha and the Vandellas si utgåve av «Dancing in the Street» skulle vere ein av 50 lydinnspelingar som skulle bevarast ved Library of Congress til National Recording Registry.

Denne utgåva vart plassert på 40. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Jagger-Bowie-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«Dancing in the Street»
Singel av David Bowie og Mick Jagger
Utgjeve August 1985
Innspelt Abbey Road Studios, London; Juni 1985
Sjanger Rock
Lengd 3:14
Selskap EMI
EA204
Låtskrivar(ar) Marvin Gaye, William "Mickey" Stevenson, Ivy Jo Hunter
Produsent Alan Winstanley, Clive Langer
David Bowie og Mick Jagger-kronologi
«Loving the Alien» (1985 - Bowie)
«Lucky in Love» (1985 - Jagger)
«Dancing in the Street» «Absolute Beginners» (1986 - Bowie)
«Ruthless People» (1986 - Jagger)

Ei anna hitutgåve vart spelt inn av Mick Jagger og David Bowie som ein duo i 1985. Dette var ein del av Live Aid og den opphavlege planen var at dei skulle spele songen i lag direkte, Bowie på Wembley Stadium i England og Jagger på JFK Stadium i USA, før dei skjønte at forseinkinga via satellitt ville gjere det umogeleg, med mindre ein av dei mimte framføringa, noko ingen av dei ønskte.

I staden valde dei å spelte inn «Dancing in the Street». I juni 1985 var Bowie oppteken med innspelinga av filmmusikk til Absolute Beginners i Abbey Road Studios, så Jagger måtte kom hit for å spele inn songen. INnspelinga varte berre fire timar, før dei reiste ut til London Docklands og fimla ein musikkvideo regisstert av David Mallet.

Videoen vart vist to gonger under Live Aid-konsertane. Like etter vart singelen gjeven ut, med alle inntekter til veldedige føremål. «Dancing in the Street» toppa den britiske singellista i fire veker, nådde sjuande plassen i USA og tredjeplassen i NOreg. Bowie og Jagger spelte songen i lag ein gong til, ved Prince's Trust-konserten i 1986. Dette var den siste britiske førsteplassen til Bowie og den einaste førsteplassen Jagger har hatt i heimlandet som soloartist.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Nikki Webster, Van Halen, Dusty Springfield, The Mamas & The Papas, The Who, The Grateful Dead, The Kinks, Cilla Black, Myra, Atomic Kitten, Kids Incorporated, Girl Authority, Human Nature, Tim Curry, Neil Diamond og mange fleire.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Martha and the Vandellas[endre | endre wikiteksten]

Live Aid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]