Dandong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dandong ved elva Yalu
Plasseringa av Dandong (gul) i Liaoning
Vennskapsbrua mellom Kina og Nord-Korea, sett frå Dandong

Dandong (kinesisk skrift 丹東, pinyin Dāndōng) er eit kinesisk byprefektur aust i provinsen Liaoning i Kina. Byprefekturet, som har eit areal på 14 981 km² og i 2010 hadde vel 2,4 millionar ibuarar, har ei lengre grense mot Nord-Korea i aust, dit prefekturet har brusamband over grenseelva Yalu. Sørdelen av Dandong ligg ved kysten av Gulehavet.

Byprefekturet Dandong omfattar tre distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Viktigaste næringsgreinene er produksjon av papir, eikebladsilke, kjemikaliar, medisinar, maskinar, sement og gummivarer. Supungdemninga ved Yalu genererer kraft til industrien i Dandong.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Dandong har sidan 1907 hatt togsamband med Shenyang og Nord-Korea.

Kinas riksveg 201 fører gjennom området. Vegen tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og passerer mellom andre Mudanjiang og Dandong før han leier sørover Liaodonghalvøya til Dalian. Også Kinas riksveg 304 fer gjennom området. Han byrjar i Dandong og fører vestover til Holingol i Indre Mongolia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Dandong vart grunnlagt under Ming-dynastiet og utvikla seg til eit viktig handelsknutepunkt mellom Kina og Korea.

Under den første sino-japanske krig (1894-95) vart området, då kalla Andong, raskt okkupert av japanske styrkar. Dandong vart i 1907 opna som traktatshamn for utanlandske statsmakter og handelsselskap. Under Mandsjukuo-æraen var provinsen Andong, ein av fjorten provinsar som vart etablert i den japansk-kontrollerte marionettstaten.

Byen fekk sitt noverande namn i 1965, då ein meinte det førre namnet vitna om ei imperialistisk innstilling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dandong

Kjelder[endre | endre wikiteksten]