Daniel Bremer Juell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Bremer Juell (1. januar 1808–26. mai 1855) var ein norsk prest og stortingsmann. Sorenskrivar Ole Juell var far hans.
Juell var fødd i Seljord. Han vart student i 1826 og cand. theol. i 1831. I 1832 vart han styrar ved borgarskulen i Kragerø, fire år seinare vart han kateket i same byen. Frå 1845 til 1849 var han sokneprest i Porsgrunn, i 1849 vart han biskop i Tromsø stift.
Juell representerte Kragerø på Stortinget i 1839, 1845 og i tillegg Porsgrunn og Brevik i 1848. Han var i 1839 sekretær i tollkomiteen, 1845 medlem i bankkomiteen og 1848 sekretær i kyrkjekomite nr 1.
Juell døydde i Hamburg i 1855, på ei reise til Karlsbad. Han vart gravlagd i Christiania. .
[endre] Kjelde
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914