Daniel Kildal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peter Daniel Baade Wind Kildal (4. oktober 181616. mars 1881) var ein jurist, embetsmann og stortingsmann frå BorgundSunnmøre. Mikael Kildal og Peter Kildal var brørne hans.

Kildal var fødd på Sørnes i Borgund, i dagens Ålesund, son av Ole Severin Kildal og Karen Friis Wind. Der far hans var sorenskrivar for Sunnmøre. Sjølv vart han student frå Christiania skole i 1834 og cand. jur. i 1839. 1840 kopist i revisjonsdepartementet, 1843 advokatfullmektig, 1845 overrettsprokurator i Christiania stift. Frå 1848 var han høgsterettsadvokat. Han vart statsrevisor i 1851, og formann i statsrevisjonen frå 1854. Dette embetet styrte han til han døydde.

Kildal representerte Kristiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget 1857 og på omframstortinget 1858, 1862-63 og omframstortinget 1864, 1865-66, 1868-69 og 1871-73. Han var i 1857 formann i justiskomite nr 2, i 1858 av statslånkomiteen. I 1862-63 og 1864 var han opphavleg varamann, men møtte og var då visepresident i Odelstinget, formann i justiskomite nr 2 både då og i 1865-66. President i Odelstinget 1865-66 og 1868-69. Han var medlem av jarnbanekomiteen 1868-69 og 1871-73. 1871-73 var han president i Stortinget. Han var då også formann i budsjettkomiteen og medlem av valkomiteen og av fullmaktskomiteen. Elles medlem av bystyret i hovudstaden 1851-72.

Kildal var medlem av jurykommisjonen av 1854 og av ein kongeleg kommisjon 1858 om den militære straffelova.

Han døydde 1881 i Kristiania.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914