Daniel Mojsov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Mojsov
Personleg informasjon
Fødd25. desember 1987 (36 år)
FødestadKavadarci i Jugoslavia
Høgd1,90 m
SpelarposisjonMidtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande klubbBrann (frå 15. juli 2013)
Ungdomskarriere
Tikveš
Seniorspelar*
ÅrLagKmp(Mål)
2005–2006Tikveš Kavadarci21(1)
2006–2010Makedonija G.P.70(5)
2010Vardar Skopje7(0)
2010–2012Vojvodina46(2)
2013-2014Brann32(3)
Landslag
2007–2008Makedonia U-215(0)
2008–Makedonia19(0)
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Daniel Mojsov (makedonsk Дaниeл Mojсoв) (fødd 25. desember 1987) er ein makedonsk fotballspelar som frå 15. juli spelar frå Brann.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha starta karrieren med FK Tikveš, spelte han med FK Makedonija Gjorče Petrov og FK Vardar i Den makedonske Eliteserien før han drog til FK Vojvodina.

Makedonija[endre | endre wikiteksten]

Det var i sesongen 2006-2007 at han debuterte i den makedonske eliteserien for FK Makedonija Gjorče Petrov etter å ha kome hit frå FK Tikveš. Han gjorde raskt eit godt inntrykk i troppen og sesongen etter vart han ein nøkkelspelar for det ambisiøse laget. Med 28 kampar for laget og to mål, vart han teke ut på landslaget, berre 20 år gammal. Han fortsette å spele godt sesongen etter, i 2008-2009, då FK Makedonija tok sin første og til no einaste meisterskap.[1] Som viktig forsvarsspelar var Daniel Mojsov ein av dei store bidragsytarane for laget, og klubben var det laget i serien som sleppte inn færrast mål, berre 15 mål på 30 kampar.

Vardar[endre | endre wikiteksten]

Året etter, i 2009-2010 hadde FK Makedonija store vanskar og vart kasta ut av ligaen. Trass i vanskane synte Daniel Mojsov seg framleis i toppform og i vinterpausen ønskte den serbiske klubben FK Vojvodina å hente han. Men på grunn av byråkratiske problem måtte Mojsov vente til sommaren før han kunne dra til den nye klubben. I mellomtida vart han verande heimlandet og spelte resten av sesongen for FK Vardar.

Vojvodina[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2010 drog Mojsov til FK Vojvodina. Her spelte mellom anna òg landslagskollegaen Mario Gjurovski. I den første sesongen, 2010-2011, spelte han 21 kampar i den serbiske SuperLiga[2] og vart igjen ei viktig brikke i forsvarsrekkja. Vojvodina tok ein tredjeplass i serien og nådde cupfinalen i den serbiske cupen der Mojsov scora det einaste målet til laget. Eit anna mål av Mojsov i same kampen vart annulert.[3] Cupfinalen vart avbroten etter 82 minuttar (resultatet var då 2-1 til Partizan) då Vojvodina nekta å halde fram å spele og dei forlet banen i protest mot fleire dommaravgjerslar under kampen. Som følgje av dette var Partizan gjeve sigeren 3-0.

Mot slutten av sesongen vart Daniel Mojsov tekne ut på årets lag for SuperLiga i lag med den montenegrinske spelaren Stefan Savić på Partizan (i dag i Fiorentina) som dei to beste midtstopparane.[4] Sommaren 2011 var Mojsov ein av dei mest ettertrakta spelarane frå serbisk SuperLiga med stor interesse frå både heimlege og utanlandske klubbar, men etter mange overgangsspekulasjonar vart Mojsov verande i Vojvodina for sesongen 2011-2012.

Brann[endre | endre wikiteksten]

I mai 2013 vart det kjent at Mojsov skreiv under ein toårskontrakt med Brann. Han byrjar i Brann 15. juli og erstattar Zsolt Korcsmár som samstundes forlet klubben.

Landslag[endre | endre wikiteksten]

Daniel Mojsov spelte på U21-landslaget til Makedonia[5] då han debuterte for Makedonia som innbyttar i ein venskapskamp mot Montenegro den 19. november 2008. Sidan den gong har Mojsov spelt fast på landslaget.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Klubb[endre | endre wikiteksten]

Makedonija G. P.
  • Seriemeister 2008-2009
Vojvodina
  • Sølv i den serbiske cupen

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

  • Årets lag i Serbia 2010-2011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daniel Mojsov på MacedonianFootball
  2. Daniel Mojsov Arkivert 2012-09-14 ved Wayback Machine. på Srbijafudbal
  3. Partizan pobednik Kupa Arkivert 2011-08-28 ved Wayback Machine. på FSS official website
  4. JSL izabran najbolji tim at B92.net
  5. Daniel Mojsov på Transfermarkt

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]