Daniel Sæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Sæter
Fødd12. januar 1826
Halsa kommune
Død10. mai 1909 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bonde
Alle verv

Daniel Knutsson Sæter (12. januar 182610. mai 1909) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå HalsaNordmøre. Han var medlem av Venstre.

Sæter var son til ein gardbrukar. Han var omgangsskulehaldar 1843-45 og vart seminarist frå Klæbu i 1847. Deretter var han lærar og kyrkjesongar i Edøy. Sidan var han lærar i Eidsberg, ved Toftes gåve i Ullensaker og Eugenias stiftelse i Christiania. Vidare underviste han på Maribogatens latin- og realskule i hovudstaden, 1870-71 var han styrar av ein folkehøgskule på Sletner i Østfold. 1871 reiste han rundt og heldt foredrag for 'Selskapet for folkeopplysningens fremme' i amta Smaalenene og Akershus, 1872-74 det same i Romsdals amt og i andre bygder. Styrar av folkehøgskule i Sør-Trøndelag 1876-86. År 1882 busette han seg på Ørlandet som forpaktar av eit gardsbruk, tre år seinare kjøpte han garden Sannan i same bygda og vart gardbrukar til 1902. Han busette seg då i Trondheim, der han han var styremedlem av Hypotekbanken sitt lånekontor.

Sæter var 3. representant frå Søndre Trondhjems amtStortinget 1883-88. I den fyrste valperioden var han medlem av næringskomite nr 1, i den andre sekretær i same komiteen.

Han døydde i Trondheim i 1909.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]