DR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Danmarks Radio)
Gå til: navigering, søk
Danmarks Radio på Bornholm i Rønne.

DR, tidlegare Danmarks Radio, er statskringkastaren i Danmark. DR vart stifta i 1925 og er ein offentleg tenesteorganisasjon. Han er det eldste og største elektroniske medieføretaket i Danmark.

DR har fire FM radiostasjonar, atten DAB-stasjonar og to fjernsynskanalar.

Radio[endre | endre wikiteksten]

P1/Program 1[endre | endre wikiteksten]

«Informasjonskanalen»: faktaprogram, rapportar, diskusjon og debattar om offentlege saker og samfunnet, samt djupnenyheiter.

P1 vert kringkasta på FM- og DAB-radio.

P2/Program 2[endre | endre wikiteksten]

Klassisk musikk, opera, jazz, radiodrama, og dekking av andre artistiske framføringar og spesielle hendingar.

P2 vert berre kringkasta på FM, men den klassiske musikkanalen på DAB DR Klassisk har samsending med P2 frå 0.00 til 8.00.

P3/Program 3[endre | endre wikiteksten]

Hit-radio, med populære underhaldningsshow og tre-minutts nyhendebulletinar kvar time. P3 dekkjer også store sportshendingar.

P3 vert kringkasta på FM og DAB.

P4/Program 4[endre | endre wikiteksten]

P4 sine 11 regionar.

Den DR-radiokanalen som vert mest lytta til: ein «moderne offentleg stasjon» som vert kringkasta i ni regionale versjonar, populærmusikk som vert miksa med dansk musikk og lokale nyhende.

P4 med reine regionale versjonar vert berre kringkasta på FM.

DAB stasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Musikkanalar
    • DR Boogieradio
    • DR Jazz
    • DR Klassisk
    • DR Rock
    • DR Soft
  • Nyhendekanalar
    • DR Erhverv – nyheiter, økonomi, finans osb.
    • DR Nyheder – alltid nyhende
    • DR Politik – direktedekking av parlamentariske møte
    • DR Sport
  • Andre kanalar
    • DR Event - dekkjer nasjonale hendingar
    • DR Gyldne Genhør - «tidsmaskinradio»: atthøyr med drama, komedie og populær musikk frå DR sine radioarkiv
    • DR Junior - for ungar
    • DR Kanon Kamelen - historier og songar for 3- til 6-åringar
    • DR Litteratur - lydbøker og anna bokstoff frå DR sine arkiv
    • DR Kultur - kulturkanalen
    • P1 - sjå P1 FM (ovanfor)
    • P3 - sjå P3 FM (ovanfor)
    • P4 Danmark - sjå P4 FM (ovanfor): dette er ein nasjonal versjon som er miksa saman av dei regionale sendingane

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

DR 1[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste fjernsynskanalen til Danmarks Radio.

DR 2[endre | endre wikiteksten]

DR 2 var den tredje nasjonale abonnementsfrie fjernsynskanalen i Danmark. Han kom etter TV 2 Danmark og systerkanalen DR 1.

DR 2 var i byrjinga kjend som den hemmelege kanalen fordi ikkje heile Danmark kunne få han inn. Kanalen har ofte fleire sjåarar enn TV3 Danmark.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]