Dannebrogordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dannebrogsordenen)
Teikning av ordensteiknet til dannebrogordenen.

Dannebrogordenen er ein dansk riddarorden som vart innstifta av Christian 5. i 1671. Ordenen har seinare vorte forandra og utvida. Ordenen vert hovudsakleg tildelt «fortjente danske statsborgere».[1] Den endelege avgjerda om tildeling vert teken av den danske regenten.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dannegbrogordenen bygger på soga om korleis det danske flagget, Dannebrog, som ifølge soga dala ned frå himmelen under eit slag kjempa under Valdemar 2. Siger i Estland i 1219. Dannebrogordenen blei lovfesta gjennom ein statutt i 1693, saman med Elefantordenen. Den opphavlege ordenen hadde berre éin grad, og berarar blei kalla kvite riddarar etter fargen på det ordensbandet.

I 1808 blei ordenen delt inn i ulike grader etter mønster av den franske æreslegionen. Han har i dag seks grader: Storkommandør (berre til fyrstar), storkross, kommandør av 1. grad, kommandør, riddar av 1. grad og riddar.

Først frå 10. oktober 1951 kunne ordenen tildelast kvinner.

Ordenskapitlet, ein del av det kongelege danske hoffet, styrer tildelinga av ordenar, medan dronninga tek avgjerda om ordenen skal gjevast til nokon.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet består av ein kvit-emaljert gull- eller sølvkross med ein raud kant, ei kongekrone med den regjerande monark sit monogram. Den sida som vender ut har innskrifta «Gud og Kongen». I midten finn ein monogrammet til Christian 5.

Ordensbandet.

Dannebrogordenen har kvitt ordensband med raude kantar.

Ove Malling ber dannebrogordenen. Måleri av Chr. Alb. Jensen frå 1830.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Medlemmer av riddarordenen ber ordenskjeden på visse dagar: Fødselsdagane til Frederik 6. den 28. januar, Christian 5. den 15. april, og til den sitjande monarken, for tida dronning Margrethe som er fødd den 16. april. I tillegg kjem det ein meiner er fødselsdagen til Valdemar Siger den 28. juni.

Når innehavarar døyr skal ordensteikna gjevast tilbake til Ordenskapitlet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]