Dannevirke på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dannevirke
Tāmaki-nui-a-Rua (Māori)
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Manawatu-Wanganui
Tararua
Mayor Maureen Reynolds
Geografi
Innbyggjarar
 - By

5 517[1]
Koordinatar 40°12′0″S 176°6′0″EKoordinatar: 40°12′0″S 176°6′0″E
Plassering
Dannevirke på New Zealand is located in New Zealand

Dannevirke (Dansk: «Dansk skaparverk» eller «Dansk verk»), er ein landleg tenesteby i regionen Manawatu-WanganuiNew Zealand. Det er den største byen og administrasjonssenter i distriktet Tararua, det austlegaste av distrikta i regionen Manawatu-Wanganui. Det omliggjande området har vorte utvikla til eit jordbruksland med vekt på mjølkeproduksjon og sauehald, som no er hovudnæringsgreiner for dei om lag 6 000 innbyggjarane i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd 15. oktober 1872 av danske, norske og svenske innvandrarar, tilhengjarar av skandinavismen, som kom til hamnebyen Napier og drog innover i landet. Nybyggjarane, som kom til landet under ei tilrettelagt innvandring, lovregulert i Public Works Act, skipa den første busetnaden sin i ein rydning i skogområdet som var kalla Seventy Mile Bush.

Dannevirke, som byen fekk namn etter, var ei større dansk festningslinje frå vikingtida, og var eit stort kjenslemessig symbol for danskane på 1800-talet, særleg etter at ho var fallen i hendene på tyskarane under den andre slesvigske (dansk-tyske) krigen i 1864 - ei nyleg inntroffen og smertefull hending for desse nybyggjarane.

Busetnaden fekk tidleg kallenamnet «svillebyen», etter som byen produserte totara-sviller til jarnvegen. På ei tid hadde området 50 sagbruk i drift. Etter at den naturlege skogen var rydda, vart landet brukt som beiteområde for husdyr.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Den australske politikaren og tidlegare førsteminister i Queensland, Johannes Bjelke-Petersen, var fødd i Dannevirke.

Antipoden til Dannevirke ligg nær Getafe sentralt i Spania.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]