Dannii Minogue
| Dannii Minogue | |
| Verkeleg namn | Danielle Jane Minogue |
| Fødd | 20. oktober 1971 (40 år) Melbourne i Victoria i Australia |
| Sjanger | Pop, dansepop, disco, house, electronica |
| Aktive år | 1990 til i dag (songar) 1978 til i dag (skodespelar) |
| Yrke | songar, skodespelar, forfattar, TV-personlegdom, motedesinger |
| Plateselskap | Mushroom Records MCA Records Warner Music Group |
| Nettside | http://danniimusic.com |
Danielle Jane Minogue (fødd 20. oktober 1971) er ein australsk songar, skodespelar og TV-personlegdom kjent som Dannii Minogue.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
Minogue vart fødd i Melbourne i Australia til Ronald Charles Minogue, ein australsk rekneskapsførar av irsk avstamming, og Carol Jones, ein dansar frå Wales. Ho er den yngste av tre born. Den eldre broren hennar Brendan er kameramann på nyhendesendingar i Australia, og den eldre systera hennar Kylie Minogue er òg songar og skodespelar. I 1988 spelte Minogue i australske såpeoperaer, før ho byrja karrieren sin som popsongar tidleg på 1990-talet. Minogue oppnådde tidleg suksess, men etter utgjevinga av hennar andre album hadde populariteten hennar som songar gått ned, og ho konsentrerte seg om yrket som programleiar.
[endre] Musikk karriere
Det første albumet hennar Dannii kom ut i 1990. Utanfor Australia vart albumet utgjeve i 1991 med tittelen Love and Kisses. Den første singelen «Love and Kisses» nådde nummer fire på den australske hitlista. I Storbritannia nådde songen toppen på den britiske singellista.
Interessa til Minogue for dansepop og electropop påverka det tredje albumet hennar Girl, som kom ut i september 1997. Den første singelen «All I Wanna Do» nådde nummer fire på UK Singles Chart, og vart sertifisert til gull i Australia. Den neste singelen «Everything I Wanted» og «Disremembrance», nådde ikkje toppen der, men kom til førsteplassen på den britiske hitlista.
I mars 2003 gav Minogue ut det fjerde albumet sitt, Neon Nights, som nådde nummer åtte på UK Albums Chart, hennar høgaste sidan debuten. Singelen «I Begin to Wonder» var erklært ein av dei beste på albumet, og nådde nummer to på den britiske lista. Singlane «I Begin to Wonder» og «Don't Wanna Lose This Feeling» var òg betydelege suksessar på dei amerikanske danselistene.
[endre] Privatliv
I oktober 1999 vart Minogue forlova med Formel 1-føraren Jacques Villeneuve, men tilhøvet deira tok slutt i 2001. Tidleg i 2002 byrja ho å date musikkprodusent og bassist Craig Logan. Det vart hevda av media at dei var forlova, men i desember 2002 vart det annonsert at dei hadde avslutta tilhøvet.
Sidan august 2008 hadde Minogue vore i lag med den engelsk modellen og tidlegare profesjonelle rugbyspelaren Kris Smith. Det vart annonsert 9. januar 2010 at Minogue var gravid, og det vart stadfesta på den personlege Twitter-sida. Minogue fødde ein gut som heiter Ethan Edward Smith i Melbourne i Australia den 5. juli 2010.
[endre] Diskografi
[endre] Studioalbum
- Dannii (1990)
- Love and Kisses (1991)
- Get Into You (1993)
- Girl (1997)
- Neon Nights (2003)
- Club Disco (2007)
[endre] Samlealbum
- The Singles (1998)
- The Remixes (1999)
- The Hits & Beyond (2006)
- Unleashed (2007)
- The Early Years (2008)
- The 1995 Sessions (2009)