Dansen giga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Giga eller gigue er ein livleg barokkdans som har opphav frå den britiske giggen. Han vart importert til Frankrike på midten av 1600-talet[1] og finst vanlegvis som den siste satsen i ein suite. Han er vanlegvis i 3/8-takt, eller liknande taktar som 6/8, 6/4, 9/8 eller 12/16, men det finst òg nokre gigaer som er skrivne i andre taktartar (som til døømes gigaen i den første av Bach ein Franske Suitar (BWV 812), som er skriven i 4/4). Dei har ofte ein kontrapunktisk tekstur. Det tredje taktslaget vert ofte lagt vekt på, og gigaen er derfor ein livleg folkedans. Komponistar som har komponert gigaer er mellom andre Johann Sebastian Bach og George Frideric Handel.

Namn[endre | endre wikiteksten]

På 1100-talet fanst ein liten fiolin kalla gigje. Ein av dansane som vart spelt med denne fiolinen fekk snart same namnet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bellingham, Jane, «gigue.” The Oxford Companion to Music. Ed. Alison Latham. Oxford Music Online. 6 Jul. 2008 [1]