Danse-pop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dansepop)
Gå til: navigering, søk

Dance-pop [1] eller danse-pop[2] er ein type danseorientert popmusikk som oppstod tidleg på 1980-talet og har vore populær i tiåra sidan. Han byggjer på sein discomusikk (eller dance) og synthpop[3] og er kjenneteikna av sterke, dansbare rytmar og enkle songstrukturar.[4] Musikken er ofte bygd opp som popsongar med lettfattelege melodiar og tekstar, samstundes som han nytter rytmane frå dancemusikk.[4] Dette gjer at han kan spelast både på radio og på nattklubbar. Produsenten er viktig for utforminga av tekst og musikk, med nokre klare unntak der artisten har meir makt.[4]

Tidlege dance-popartistar som blei kjende på verdsbasis var Madonna og Michael Jackson, som begge har hatt stor kunstnarisk leiing for verka sine.[5] Produsentane Stock Aitken Waterman var viktige på 80-talet og skapte musikk for Kylie Minogue, Rick Astley og Bananarama. Av nyare artistar som er kjende for dance-pop kan nemnast Justin Timberlake, Britney Spears, Lady Gaga, Christina Aguilera og Rihanna.

Kjende musikarar innan sjangeren[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør til dømes landstreff.no og snl
  2. T.d. p3.no, britneynorge.com
  3. Glenn Appell, David Hemphill (2006). American popular music: a multicultural history. Belmont, CA: Thomson Wadsworth. s. 423. ISBN 0155062298. «The 1980s brought the dawning age of the synthesizer in rock. Synth pop, a spare, synthesizer-based dance pop sound, was its first embodiment.» 
  4. 4,0 4,1 4,2 Dance pop, Allmusic, retrieved 30 October 2011.
  5. dance pop ved rhapsody.com
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.