Dansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dansk
(dansk)
Klassifisering: Indoeuropeisk

 Germansk
  Nordgermansk
   Dansk

Talarar: danskar
Bruk
Tala i: Flag of Denmark.svg Danmark
Flagget til Tyskland Sydslesvig
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Flag of Greenland.svg Grønland
Dansktalande i alt: Mellom fem og seks millionar
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Flag of Greenland.svg Grønland
Normert av: Dansk Sprognævn
Språkkodar
ISO 639-1: da
ISO 639-2: dan
ISO 639-3: dan
Wikipedia på dansk

Dansk er eit nord-germansk språk av den austnordiske (kontinentale) greina, og det blir snakka av ca seks millionar menneske. Det er sterkt påverka av plattysk. I tillegg til i Danmark blir dansk også snakka i Sydslesvig (i Flensborg ca 20 %), på Færøyane og Grønland. På Island er dansk obligatorisk framandspråk i grunnskulen. Dansk var einerådande som skriftspråk i Noreg i kring 400 år, og den dominerande skriftforma i Noreg, bokmål/riksmål, utvikla seg frå dansk skriftspråk.

Eit karakteristisk trekk ved dansk er stød, men stød manglar i dialektane i den sørlegaste delen av Danmark.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Genera i dei danske dialektane.

Dei viktigaste danske dialektområda er austdansk (bornholmsk), øymål («Sjælland, Fyn og øerne») og jysk, som blir delt opp i sønderjysk og nørrejysk. Nørrejysk blir delt opp i austjysk og vestjysk.

I dei danske dialektane finst det både eitt, to og tre genera, som blir markerte med determinativ.

Dansk teljemåte[endre | endre wikiteksten]

Den danske teljemåten er delvis basert på tjuetalsystemet. Halvtridje, halvfjerde og halvfemte er eldre uttrykksmåtar for 2½, 3½ og 4½ (jf. norsk halvannan med ydninga 1½).

  • 50: halvtredsindstyve (halvtreds) = 2½ x 20 (eldre: halvtredje sinde tyve)
  • 60: tresindstyve (tres) = 3 x 20 (eldre: tre sinde tyve)
  • 70: halvfjerdsindstyve (halvfjerds) = 3½ x 20 (eldre: halvfjerde sinde tyve)
  • 80: firsindstyve (firs) = 4 x 20 (eldre: fire sinde tyve)
  • 90: halvfemsindstyve (halvfems) = 4½ x 20 (eldre: halvfemte sinde tyve)

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediadansk