Dansk Estland
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dansk Estland syner til landområde i det seinare Estland som var under dansk styre på 12-1300-talet og igjen på 15-1600-talet. Danmark bygde seg opp med militærvesen og auka handel på 1100-talet. Piratverksemd med utgangspunkt i Ösel og Kurland truga etter kvart handel med Baltikum. Danske flåtestyrkar gjekk til åtak på Estland i 1170, 1194 og 1197. I 1206 leia kong Valdemar II av Danmark og erkebiskop Andreas Sunonis eit utfall mot Ösel (Saaremaa). Kongane av Danmark gjorde krav på Estland, og fekk stønad frå paven. I 1219 sigra danskane i slaget ved Lyndanisse, som la Nord-Estland under dansk styre. Danskane hadde kontroll over området til det estiske opprøret i 1343, då området vart teke over av den tyske riddarordenen og endeleg seld av Danmark i 1346.
I 1559 under den liviske krigen selde Biskopen av Ösel-Wiek i Gamle Livland landområda sine til Fredrik II av Danmark-Noreg for 30 000 thaler. Den danske kongen gav området til sin yngre bror Magnus av Holstein, som gjekk i land på Saaremaa med hæren sin i 1560 [1] Heile Saaremaa vart under dansk herredøme i 1573, til det vart overført til Sverige i 1645 ved Freden i Brömsebro. [2]
Sjå òg [endre]
- Svensk Estland
- Nordlege krosstog
- Svenske krosstog
- Estisk historie
- Finsk historie
- Latvisk historie
- Litauisk historie
Referansar [endre]
- ↑ Frucht, Richard (2005). Eastern Europe. ABC-CLIO. s. 70. ISBN 1576078000.
- ↑ Williams, Nicola; Debra Herrmann, Cathryn Kemp (2003). Estonia, Latvia & Lithuania. University of Michigan. s. 190. ISBN 1740591321.