Dansk Melodi Grand Prix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den danske tevlinga. For den norske tevlinga, sjå Melodi Grand Prix.
Sjå òg Danmark i Eurovision Song Contest.

Dansk Melodi Grand Prix, forkorta DMGP, er ein årleg dansk musikktevling arrangert av Danmarks Radio (DR) som avgjer kven som skal representere Danmark i Eurovision Song Contest. Tevlinga har vorte arrangert sidan 1957, med unntak av åra 1967 til 1977, 1998 og 2003.

Tre vinnarar har òg vunnet Eurovision Song Contest: Grethe og Jørgen Ingmann med «Dansevise» i 1963, Olsen Brothers med «Fly on the Wings of Love» i 2000 og Emmelie de Forest med «Only Teardrops».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vart det innført ein semifinale i Eurovision Song Contest, og på grunn av at Danmark ikkje fekk deltake i Eurovision Song Contest 2003 vart dei ikkje direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2004. Thomas Thordarsson og songen «Shame on You» enda på 13. plass av totalt 22 bidrag i semifinalen.

I 2005 gjorde DR eit dristig skritt for Dansk Melodi Grand Prix: For fyrste gong var det lov å framføre eit bidrag på eit anna språk enn dansk. Mange av bidraga i 2005 var dimed framført på engelsk, men mot alle odds vart vinnarsongen, «Tænder på dig» av Jakob Sveistrup, framført på dansk. Bidraget vart seinare skriven om til engelsk og fekk tittelen «Talking to You». Dette året enda Danmark på tredjeplass i semifinalen og var dimed kvalifisert til finalen der dei enda på niandeplass. Danmark vart dimed direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2006 der dei enda på 18. plass.

Etter mange dårlege resultat vart det i 2007 innført semifinalar i Dansk Melodi Grand Prix. Dei to semifinalane hadde åtte bidrag kvar der dei fire beste kvalifiserte seg til finalen. I tillegg vart dei fire som ikkje gjekk vidare frå kvar av dei to semifinalane sikra ein ny sjanse. På dei to danske radiokanalane P3 g P4 kunne ein vere med og røyste fram dei to siste finalistane. Vinnaren var DQ med songen «Drama Queen» som enda på 18. plass i Eurovision Song Contest.

DR nytta òg formatet med semifinalar i Dansk Melodi Grand Prix 2008. Simon Mathew vann med songen «All Night Long» og enda på tredjeplass i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2008. Han kvalifiserte seg dimed til finalen der han enda på 15. plass. Frå og med 2008 har det vorte arrangert to semifinalar i Eurovision Song Contest der berre Storbritannia, Tyskland, Spania, Frankrike, Italia, ofte kalla dei dei fem store, og vertslandet er direktekvalifisert til finalen.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Stad Vinnarsong Artist Plass i ESC Programleiar(ar)
1957[a] København (Radiohuset) «Skibet skal sejle i nat» Gustav Winckler og Birthe Wilke 3 Sejr Volmer-Sørensen
1958 København (Radiohuset) «Jeg rev et blad ud af min dagbog» Raquel Rastenni 8
1959 København (Radiohuset) «Uh – Jeg ville ønske jeg var dig» Birthe Wilke 5
1960 København (Radiohuset) «Det var en yndig tid» Katy Bødtger 10
1961 Fredericia (Fredericia Teater) «Angelique» Dario Campeotto 5
1962 København (Tivolis Koncertsal) «Vuggevise» Ellen Winther 10 Svend Pedersen
1963 København (Tivolis Koncertsal) «Dansevise» Grethe og Jørgen Ingmann 1 Mariane Birkelund
1964 København (Tivolis Koncertsal) «Sangen om dig» Bjørn Tidmand 9 Bent Fabricius-Bjerre
1965 Lukket konkurranse «For din skyld» Birgit Brüel 7 Ingen programledere
1966 København (Tivolis Koncertsal) «Stop, mens legen er god» Ulla Pia 14 Annette Fåborg
1978 København (Tivolis Koncertsal) «Boom Boom» Mabel 16 Jørgen de Mylius
1979 Søborg (TV-Byen) «Disco Tango» Tommy Seebach 6 Jørgen de Mylius og Erling Bundgaard
1980 København (Falkoner Centret) «Tænker altid på dig» Bamses Venner 14 Jørgen de Mylius
1981 København (Valencia) «Krøller eller ej» Tommy Seebach og Debbie Cameron 11 Jørgen de Mylius, Jarl Friis-Mikkelsen og Erling Bundgaard
1982 Søborg (TV-Byen) «Video video» Brixx 17 Jørgen de Mylius
1983 Søborg (TV-Byen) «Kloden drejer» Gry Johansen 17 Jørgen de Mylius
1984 Søborg (TV-Byen) «Det' lige dét» Hot Eyes 4 Jørgen de Mylius
1985 Lyngby (ASA Studier) «Sku' du spørg' fra no'en?» Hot Eyes 11 Jørgen de Mylius
1986 Søborg (TV-Byen) «Du er fuld af løgn» Lise Haavik 6 Jørgen de Mylius
1987 København (Tivolis Koncertsal) «En lille melodi» Anne-Cathrine Herdorf 5 Jørgen de Mylius
1988 Søborg (TV-Byen) «Ka' du se hva' jeg sa'» Hot Eyes 3 Jørgen de Mylius
1989 København (Bella Center) «Vi maler byen rød» Birthe Kjær 3 Jarl Friis-Mikkelsen og De Nattergale
1990 København (Tivolis Koncertsal) «Hallo hallo» Lonnie Devantier 8 Birthe Kjær, Dario Campeotto og Zita Boye-Møller
1991 Aarhus (Musikhuset) «Lige der hvor hjertet slår» Anders Frandsen 19 Mek Pek og Camilla Miehe-Renard
1992 Aalborg (Aalborghallen) «Alt det, som ingen ser» Kenny Lübcke og Lotte Nilsson 12 Anne Herdorf og Anders Frandsen
1993 Odense (Odense Kongrescenter) «Under stjernerne på himlen» Tommy Seebach 22 Keld Heick og Kirsten Siggaard
1995 Søborg (TV-Byen) «Fra Mols til Skagen» Aud Wilken 5 Gry de la Cour og Sidsel Agensø
1996[b] Søborg (TV-Byen) «Kun med dig» Dorte Andersen og Martin Loft Hans Otto Bisgaard
1997 Søborg (TV-Byen) «Stemmen i mit liv» Kølig Kaj 16 Hans Otto Bisgaard
1999 Søborg (TV-Byen) «Denne gang» Trine Jepsen og Michael Teschl 8 Keld Heick
2000 København (Cirkusbygningen) «Smuk som et stjerneskud» Olsen Brothers 1 Michael Carøe og Natasja Crone
2001 Herning (Messecenter Herning) «Der står et billed' af dig på mit bord» Rollo & King 2 Keld Heick
2002 København (Cirkusbygningen) «Vis mig, hvem du er» Malene Mortensen 24 Michael Carøe og Signe Svendsen
2004 Aarhus (Atletion) «Sig det' løgn» Tomas Thordarson (13 i semifinale) Peter Mygind og Natasja Crone
2005 Horsens (Forum Horsens) «Tænder på dig» Jakob Sveistrup 9 Birthe Kjær og Jarl Friis-Mikkelsen
2006 Aalborg (Gigantium) «Twist of Love» Sidsel Ben Semmane 18 Adam Duvå Hall og Mads Vangsø
2007 Holstebro (Musikteatret Holstebro) – 1. semifinale
Aalborg (Aalborghallen) – 2. semifinale
Horsens (Forum Horsens) – finale
«Drama Queen» DQ (19 i semifinale) Adam Duvå Hall og Camilla Ottesen
2008 København (DR Byen) – 1. og 2. semifinale
Horsens (Forum Horsens) – finale
«All Night Long» Simon Mathew 15 Adam Duvå Hall og Camilla Ottesen
2009 Herning (Messecenter Herning) «Believe Again» Brinck 13 Felix Smith og Birthe Kjær
2010 Aalborg (Gigantium) «In a Moment Like This» Chanée & N'evergreen 4 Felix Smith og Julie Berthelsen
2011 Ballerup (Ballerup Super Arena) «New Tomorrow» A Friend in London 5 Felix Smith og Lise Rønne
2012 Aalborg (Gigantium) «Should've Known Better» Soluna Samay 23 Louise Wolff og Emil Thorup
2013 Herning (Jyske Bank Boxen) «Only Teardrops» Emmelie de Forest 1 Louise Wolff, Lise Rønne og Sofie Lassen-Kahlke
2014 Odense (Arena Fyn) «Cliche Love Song» Basim 9 Louise Wolff og Jacob Riising
2015 Aalborg (Gigantium) «The Way You Are» Anti Social Media 13
(Semifinale)
Esben Bjerre og Jacob Riising
2016 Horsens (Forum Horsens) «Soldiers of Love» Lighthouse X 17
(Semifinale)
Jacob Riising og Annette Heick
2017 Herning (Jyske Bank Boxen) «Where I Am» Anja Nissen 20 Johannes Nymark og Annette Heick
2018 Aalborg (Gigantium) «Higher Ground» Rasmussen 9 Johannes Nymark og Annette Heick
2019 Herning (Jyske Bank Boxen) «Love Is Forever» Leonora 12 Johannes Nymark og Kristian Gintberg
2020 København (Royal Arena) «Yes» Ben & Tan Tevling avlyst Hella Joof og Rasmus Bjerg
2021 København (DR Byen) «Øve os på hinanden» Fyr & Flamme 11
(Semifinale)
Tina Müller og Martin Brygmann
2022 København (DR Byen) «The Show» REDDI Tina Müller og Martin Brygmann
Notar
  1. Den fyrste vinnaren av Dansk Melodi Grand Prix, «Skibet skal sejle i nat», var allereie brukt som filmmusikk i filmen Den store gavtyv frå 1956, men i 1957 var det ingen regler om at Melodi Grand Prix-sangene ikkje kunne ha vært framført tidlegare
  2. «Kun med dig» fekk ikkje delta i Eurovision Song Contest i 1996. Det året vart det arrangert ein intern førehandskvalifisering som ikkje vart vist på TV, der det danske bidraget ikkke kvalifiserte seg. Songen, som er skrevet av Jascha Richter frå Michael Learns to Rock (MLTR), vart i stadet utgjeven av MLTR på engelsk under tittelen "Paint My Love" på albumet Nothing to Lose (1997).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]