Dansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dansk historie dekker store landområde. Dette kartet viser riket danskekongen Knut den mektige herska over i 1028.

Dansk historie viser til utvikling og hendingar knytt til område omfatta av dagens Danmark, og andre, tidlegare dansk-styrte område.

Solvognen er ein skulptur i i bronse og gull av ein hest framfor ei solskive, og viser at sola var viktig for bronsealderdanskane.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Danmark er i utgangspunktet gammal kalkhavbotnn som vart dekt av fleire kilometer tjukk morenemasser frå skandinaviske fjell etter den siste istida. Landet har heva seg kraftig etter det. Kalkfjellet stikk opp nokre stadar, og og gjer at dansk grunnvatn er hardt. Over dette har det danna seg jord etter kompostering av planterestar frå dei siste ca 12 000 åra. Vinderosjon og jordbruk har flytta matjorda slik at det er tynne jordlag i hedeområda og tjukkare i senkingane i terrenget. Samla sett er jordlaget tynt, og vilkåra for jordbruk har alltid vore på kanten av det marginale i større område.

Mot Nordsjøen har landa vore prega av at hav og vind dels har bygd opp og dels reve ned terrenget. Flygesand med låg næringsverdi har lagt seg innover i landet, medan det vesle som vart danna av matjord frå planterester og anna fauk enno lengre avgarde. Etterkvart vart skog meir utbreidd og jord og sand vart halde på plass. Jordsmonnet vart verande tynt, og lyngheilandskap (hede) finst enno på utsette stadar. Austover i landet var det lunare og jordbruket kunne bløme.

Dei eldste spora av permanente busetjingar er rundt 15 000 år gamle. Innflyttarane i den tidlege steinalderen levde av jakt, fiske og av å sanka mat i naturen. For rundt 6000 år sidan begynte menneska å dyrka jorda. Sjølv om det framleis ikkje fanst noko skriftspråk på denne tida laga menneska hellerissingar som viste mellom anna dyr og båtar.

Under den nordiske bronsealderen, for rundt 4000 år sidan, blei det reist ei rekkje gravhaugar og steingraver. Funn av skulpturar og musikkinstrument viser ein ukjend religion og framvekst av eit lagdelt samfunn. Bronse var eit kostbart innført materiale som berre ein elite hadde hand om. Oppdaginga av korleis ein kunne framstilla jern rundt 500 f.Kr. gjorde at fleire kunne henta myrmalm og vinna ut jern til gode, haldbare reiskapar og våpen. Med desse kunne ein dyrka jorda betre, og laga båtar til å driva handel over lengre avstandar. Gravfunn av romerske smykke og mynter frå denne tida vitnar om utstrekkinga av handelen.

Mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Jellingstenen reist av Harald Blåtann.

I vikingtida var det stadig fleire som gav seg ut på reiser, og ikkje berre for å byta varer. Dei danske vikingane reiste først og fremst til Nord-England, Irland og Normandie. Dei handla, plyndra og la land inn under seg. Vikingferdene opna nye handelsvegar og førte Norden nærmare resten av Europa. Kristendommen kom til dei nordiske landa. Etter kvart som kristendommen spreidde seg, opphøyrde vikingferdene. I byrjinga av vikingtida bestod Danmark av fleire småkongedøme, men for ca 1000 år sidan samla Harald Blåtann desse til eit rike, kongeriket Danmark. Han fekk også makt over Noreg, og innførte kristendommen i Danmark.

I mellomalderen var Danmark til tider ei stormakt, mens andre gonger var Danmark prega av borgarkrig. På 1400-talet samla dronning Margrete I dei tre skandinaviske landa Noreg, Sverige og Danmark i ein union – Kalmarunionen. Den bestod heilt til Gustav Vasa braut ut av unionen og på ny oppretta den svenske krona (år 1523). I mellomalderen var Danmark katolsk og kyrkja var langt mektigare og rikare enn den er i dag. I samfunnet råda det føydale systemet der kongen var den mektigaste, følgd av dei geistlege, etter dei kom adelen som ofte var kongens riddarar og offiserar, lengre nede i samfunnet kom handverkarar, deretter bønder og heilt til slutt dei arbeidslause og dagdrivarane.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Etter mellomalderen mista Danmark fleire store landområde. Samstundes steik folketalet, frå ca. 600 000 i 1660 til 700 000 i 1720 og nesten 1 000 000 på byrjinga av 1800-talet. Etter nederlaget i Napoleonskrigane i 1814, måtte Danmark avstå Noreg, som gjekk inn i union med Sverige. Seinare på 1800-talet mistar Danmark fleire hertugdømmer til Tyskland.

Ved byrjinga av 1900-talet sette industrialiseringa i gang for alvor. Stadig fleire fabrikkar tok i bruk dampmaskinar som gjorde dei tyngste oppgåvene enklare, og etter kvart auka også levestandarden. Under 1. verdskrig var Danmark nøytralt, men under 2. verdskrigen blei landet invadert og okkupert av Tyskland. Etter krigen blei Danmark medlem av Nato, og var med på stiftinga av SN. I 1973 meldte Danmark seg inn i EF, som seinare blei EU.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dansk historie
Spire Denne historieartikkelen som har med Danmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.