Dansk teiknspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk teiknspråk
Andre namn Dansk tegnspråk
Klassifisering Teiknspråk
Bruk
Tala i Danmark, Færøyane, Grønland
Dansk teiknspråktalande i alt 5 000 (2007)
Språkkodar
ISO 639-3 dsl

Dansk teiknspråk er det eldste teiknspråket i Norden. I Danmark har døve fått teiknspråkundervisning sidan 1807, etter at Peter Atke Castberg på ein studiereise til Frankrike hadde sett nytten i å undervise døve på eit språk dei kunne forstå. I dag blir det undervist i dansk teiknspråk i seks statlege døveskular.

Dansk teiknspråk er gjensidig forståeleg med svensk teiknspråk, norsk teiknspråk, islandsk teiknspråk og gassisk teiknspråk.

Dei som brukar dansk teiknspråk, kan få tolketenester i retten. Språket blir også brukt til tolking av filmar og fjernsynssendingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]