Daraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daraa
arabisk درعا
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Daraa-distriktet
Nahiya Daraa
Høgd 435 moh.
Koordinatar 32°37′N 36°6′E
Folketal 97 969  (2004)[1]
 - storby 146 481
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 15
Kart
Daraa
32°37′31″ N 36°6′22″ E
Wikimedia Commons: Daraa

Daraa (arabisk درعا,, Darʿā, Dara’a, Deraa, Dera og Derʿā) er ein by sørvest i Syria, like nord for grensa til Jordan. Han er det administrative senteret i Daraa guvernement, historisk sett ein del av den gamle regionen Hauran. Byen ligg kring 90 km sør for Damaskus langs hovudvegen mellom Damaskus og Amman, og mange reisande stoppar her. Av stader i nærleiken finn ein Umm al-Mayazen og Nasib i søraust, al-Naimeh i aust, Othman i nord, al-Yadudah i nordvest og Ramtha i Jordan i sørvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Daraa eit folketal på 97 969 i 2004. Han er det administrative senteret i nahiyah («underdistrikt») som består av åtte stader med eit samla folketal på 146 481 i 2004.[1] Innbyggjarar er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Daraa er ein antikk by med ei historie attende til kanaanittane. Han er nemnd i egyptiske hieroglyfar frå regjeringstida til farao Thutmose III mellom 1490 og 1436 fvt. I antikken vart byen kalla Atharaa. Han vart seinare nemnt i Gamletestamentet som Edre'i,[3] hovudstaden i Bashan der Moses slo bykongen Og.[4]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Byen vart seinare kjend som «Adhri'at» og vart ein del av selevkidane sitt kongedømet Syria der han var hovudstad i regionen Batanaea. Seinare vart han ein del av kongedømet Nabatea seint i det første hundreåret fvt. Etter den romerske erobringa til Trajan i 106 fvt. vart Adhri'at ein del av provinsen Arabia Petraea.[5] På 200-talet fekk han status som polis («sjølvstyrt by»). Den romerske historikaren Eusebius skreiv at Adhri'at var ein by i Arabia.[4] I bysantinsk tid mellom 400- og 500-talet, var han eit bispesete og senter for misjonæraktivitet i Den syriske ørkenen. I 614 vart byen plyndra av sassanidane, men innbyggjarane vart ikkje massakrerte.[5]

Adhri'at hadde ein stor jødisk folkesetnad tidleg på 600-talet og tente som eit senter for jødisk læring. Han var ideelt plassert mellom dei jødiske sentera i Palestina og Babylonia og innbyggjarane tente eit bål kvart år på Rosh Hashannah som eit signal til dei babylonske jødiske samfunna om at eit nytt religionsår hadde byrja.[5]

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ibn Hisham og al-Waqidi, biografar på 800-talet som skreiv om den islamske profeten Muhammed, flytta folka Banu Nadir og Banu Qaynuqa til Adhri'at etter dei vart utstøytt frå Medina. Historikaren Moshe Sharon har avskrive denne påstanden og skriv at dette ikkje er nemnt i jødiske kjelder eller tidlegare muslimske dokument.[5]

Den tidlege muslimske historikaren Ahmad al-Baladuri førte Adhri'at opp som ein av byane som overgav seg til muslimane etter slaget ved Tabuk i 630, medan Muhammed enno levde. Som følgje av dette betalte innbyggjarane jizya-skatt.[6] Ein trur at forteljinga til Baladhuri var feil. I staden fortel kjelder frå den tida at Adhri'at vart erobra av Rashidun-armeen under kalifatet Abu Bakr i 634.[7] Innbyggjarane i Adhri'at skal visstnok ha hylla den andre kalifen Umar ibn al-Khattab då han vitja b yen, «dansande med sverd og søt basilikum.»[6] Gjennom Rashidun og Umayyad-styret, tente byen som hovudstad i underdistriktet al-Bathaniyya, ein del av det større Jund Dimashq («militærdistriktet Damaskus.»)[8]

I 906 vart folkesetnaden massakrert i eit raid av dei opprørske karmatittane.[6] Seint på 900-talet skreiv den arabiske geografen al-Muqaddasi at under Abbaside-kalifatet var Adhri'at eit stort administrativt senter ved utkanten av ørkenen.[9] Han hevda byen var ein del av distriktet Jund al-Urdunn og at området var «full av landsbyar» og ein del av regionen Jerash sør for Yarmouk.[9][10]

I mellomalderen var han ein strategisk stasjon langs karavaneruta hajj mellom Damaskus og Medina og var inngangsporten til det sentrale Syria. Krossfararane erobra ei kort stund Adhri'at tidleg på 1100-talet.[11] I følgje Yaqut al-Hamawi under Ajjubide-dynastiet tidleg på 1200-talet vart han «hylla for dei mange lærde mennene som kom frå byen.»[9] Seinare, under mamelukkane og osmanarane, var byen framleis viktig.[11] I 1596 var Daraa oppført i osmanske skattelister som Madinat Idra'a og var ein del av nahiya Butayna i Qadaet Hauran. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 120 hushaldningar og 45 ungkarar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[12]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Beduinar og bønder i Daraa i 1906.

På 1900-talet fekk Adhri'at det moderne namnet «Daraa». Etter osmanarane bygde Hejazbanen vart han eit trafikknutepunkt for jernbanen. I dag er Daraa den sørlegaste byen i Syra ved grensa til Jordan og ein viktig by på vegen mellom Damaskus og Bagdad.[11]

Ba'ath-partiet fekk makta etter kuppet i 1963 vart den nye innanriksministeren Amin al-Hafiz utpeikt av Abd al-Rahman al-Khlayfawi som guvernør i Daraa fram til 1965.[13] Daraa har i nyare tid lidd av mangel på vassforsyning i området. Tusenvis av folk protesterte i byen under dei syriske opprøra i 2011.[14]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Byen Daraa var utgangspunkt for eit opprør i 2011 mot president Bashar Al-Assad. Det heile starta då 15 born frå den same familien (Al-Abazeed) vart arrestert tidleg i mars 2011 for å ha skrive slagord mot regimet på skuleveggen sin.[15] Borna var mellom 9 og 15 år gamle. Etter at det lokale styret nekta å sleppe borna fri, samla eit par hundre demonstrantar seg utanfor al-Omari-moskeen den 18. mars 2011. Kort tid etter auka demonstrantane til over 3000. I følgje aktivistane opna dei syriske tryggingsstyrkane eld mot demonstrantane og tre personar mista livet.[16] Deretter opplevde Daraa og landsbyane kring daglege demonstrasjonar. Byen var òg vitne til massakrar.[17]

Uro i Daraa i 2013.

16. februar 2012 skal den syriske hæren ha bombardert byen. Åtaket var del av eit forsøk på å ta tilbake tapte område. Syriske tryggingsstyrkar gjekk til åtak på minst tre distrikt, men opprørsstyrkane slo tilbake.[18] Tidleg i juni 2017 var mykje av Daraa by lagt i grus etter langvarige kampar.[19] 12. juli 2018 enda kampen om Daraa etter fleire dagar med intense kampar mellom den syriske hæren og opprørsstyrkar, då nokre av desse gjekk med på forhandlingar. Den syriske hæren tok så fullstendig kontroll over byen.[20]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Dara'a
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 13,3 14,7 18 23,6 28,5 31,3 32,6 32,6 31,3 27,8 21 15,2 24,2
Gjennomsnittleg min °C 3,2 4 6 9,3 12,5 15,8 18,3 18,6 16,5 12,8 7,8 4,6 10,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 60,9 49,4 42,3 15,2 3,4 1 0 0 0,4 9,4 22,9 45,9 250,8
Gns. dagar med regn 10 11 7 4 1 0 0 0 0 2 5 8 48
Kjelde: World Meteorological Organization


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2012-07-23 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01.
  3. Femte mosebok 3:1.
  4. 4,0 4,1 Negev, s. 150.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Sharon, 2007, 68.
  6. 6,0 6,1 6,2 Sharon, 2007, s. 69.
  7. Houtma, 1993, s. 135.
  8. le Strange, 1890, s. 34.
  9. 9,0 9,1 9,2 le Strange, 1890, s. 383.
  10. le Strange, 1890, s. 40.
  11. 11,0 11,1 11,2 Sharon, 2007, s. 70.
  12. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 214.
  13. Moubayed, s. 275.
  14. «Syria to free child prisoners». Al Jazeera. 20. mars 2011. Henta 20. mars 2011. 
  15. «Syria: How it all began». GlobalPost. Henta 17. februar 2016. 
  16. «Middle East unrest: Three killed at protest in Syria». BBC News. 18. mars 2011. 
  17. «Killings continue in Syria as UN reaches «massacre» village». Euronews. 9. juni 2012. Arkivert frå originalen 24. juni 2012. Henta 9. juni 2012. 
  18. «Syria live blog Thu, 16 Feb 2012, 06:32». Blogs.aljazeera.net. 16 February 2012. Henta 29 August 2013. 
  19. Syrian regime jets pound Daraa after rebel attacks TheNewArab, 5 June 2017.
  20. «Breaking: Battle for Daraa city ends in decisive victory for Syrian Army». Al-Masdar News. Arkivert frå originalen 30. november 2018. Henta 12 July 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]