Darayya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen i Syria. For byen i Libanon, sjå Daraya.
Darayya
داريا
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Darayya-distriktet
Nahiyah Darayya
Høgd 689 moh.
Koordinatar 33°27′N 36°15′E / 33.450°N 36.250°E / 33.450; 36.250
Folketal 78 763  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Darayya
33°27′32″N 36°14′14″E / 33.458888888889°N 36.237222222222°E / 33.458888888889; 36.237222222222
Wikimedia Commons: Darayya

Darayya (arabisk داريا) er ein forstad til Damaskus i Syria. Sentrum i Darayya ligg 8 kilometer sørvest for sentrum av Damaskus. Administrativt høyrer han til Rif Dimashq guvernement.

Byen hadde eit folketal på 75 134 i 2004, og er dermed den 19. største byen i Syria. Darayya ligg 689 meter over havet. Han er ein av dei eldste byane i Syria, og er vistnok staden der apostelen Paulus vart omvendt (30-åra evt.), «på vegn til Damaskus». Patriarken Gregorius III Laham, den andelege leiaren til Den melkittiske kyrkja, vart fødd her den 15. desember 1933 som Lutfy Laham.

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av opprøret, var Darayya i hovudsak kjend for dei store, fredlege demonstrasjonane mot Assad-regimet. Han var òg kjend for dei ikkje-valdelege aktivistane som brukte å gje tryggingsstyrkane vassflasker og roser, i lag med eit lite brev der det stod «me og du er begge søner av dette heimlandet, vær så snill og la oss protestere i fred». Den unge aktivisten Ghiath Matar (1985-2011) var ein av aktivistane i Darayya, som vart arrestert og torturert til døde av tryggingsstyrkane. Ambassadørar frå USA, Frankrike, England, Nederland, Tyskland, Danmark og Japan var med i gravferda hans i Darayya.[1] Yahya Shurbaji (1979-) er namnet på ein annan islamsk ikkje-valdeleg aktivist i Darayya, som vart arrestert av regimet, men aldri høyrt frå igjen.

Darayya var åstad for kraftige kampar under den syriske borgarkrigen. Byen var tidleg åstad for demonstrasjonar mot regimet og styrkar frå regimet som så slo ned på opprøra. Byen fall til militante opprørar frå den Al-Qaida-tilknytte gruppa Jabhat al-Nusra ei stund i første halvdelen av 2012, og vart gjenerobra to gonger av det syriske forsvaret og andre styrkar som støtta regimet: først i slutten av august 2012, som førte til Darayya-massakren,[2] og så ein andre gong den 4. januar 2013.[3] Sommaren 2013 var det framleis kampar i byen og det meste av kommunen var kontrollert av opprørsstyrkar.[4]

I midten av 2016 hadde den syriske regjeringshæren kontroll over rundt 65 % av Darayya, og auka territoriet han rådde over medan han gjorde omleiringa hardare.[5] I august 2016 blei det gjort ein avtale der opprørskjemparar og sivile kunne evakuerast frå byen.[6] Dette var i røynda ei overgjeving frå opprørarane, som fekk fritt leide til Idlib i nord.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]