Darcy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein darcy og millidarcy (mD) er ei måleining for permeabilitet, kalla opp etter Henry Darcy. Måleininga er ikkje ei SI-eining, men vert mykje nytta i petroleumsindustrien og geologi. Som andre mål for permeabilitet har ein darcy dei same eingane som areal.
Definisjon [endre]
Permeabilitet måler kor mykje væske som kan renne gjennom ein stein (eller anna porøs media). Ein darcy er definert av Darcy-lova og kan skrivast som:
der:
er gjennomstrøymingsfarten gjennom mediet
er permeabiliteten til mediet
er den dynamiske viskositeten til væska
er den praktiske trykkskilnaden
er tjukkleiken til mediet.
Eit medium med ein permeabilitet på 1 darcy let ein straum på 1 cm³/s til ei væske med viskositet 1 cP (1 mPa·s) under ein trykkgradient på 1 atm/cm over eit tverrsnitt på 1 cm². Ein millidarcy (mD) er lik 0.001 darcy.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Darcy» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Society of Petroleum Engineers (SPE).
- Richard Selley's "Elements of Petroleum Geology (2. utgåve)," side 250.

er gjennomstrøymingsfarten gjennom mediet
er permeabiliteten til mediet
er den dynamiske
er den praktiske
er tjukkleiken til mediet.