Dardiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dardiske språk utgjer ein av dei fire hovudgreinene i den indoariske språkfamilien, som sjølv høyrer til dei indoeuropeiske språka. Språka blir snakka i austre Afghanistan, nordre Pakistan og dei omstridde, hovudsakleg indiske områda Jammu og Kashmir. Dei er alle lite kjende minoritetsspråk, bortsett frå kasjmiri, som er eit offisielt nemnd språk i India.

Omgrepet «dardisk» kjem frå Herodot sitt namn på landet i dagen nordaustre Afghanistan, Dardikae. Fleire folk som kjem frå nærliggande område er blitt kalla dardarar.

Dardiske språk er typisk blitt definerte som ei undergruppe av indoariske språk med sterk påverking frå nuristanske og iranske språk. Nuristanske språk blei lenge rekna med til den dardiske gruppa, men er etter studium av den norske lingvisten Georg Morgenstierne på 1970-talet blitt rekna som ei eiga gruppe.

Alle dei dardiske språka har blitt påverka av mektigare nabospråk, slik at dei kan vera vanskelege å klassifisera samla. Dei blir gjerne tala av mindre grupper i område som kan vera uframkomelege på grunn av fjellterreng eller på grunn av væpna konfliktar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Morgenstierne, G. Irano-Dardica. Wiesbaden 1973;
  • Morgenstierne, G. Die Stellung der Kafirsprachen. In Irano-Dardica, 327-343. Wiesbaden, Reichert 1975
  • Decker, Kendall D. Sociolinguistic Survey of Northern Pakistan, Volume 5. Languages of Chitral.
  • National Institute of Pakistani Studies, Quaid-i-Azam University & Summer Institute of Linguistics [1] (PDF)
  • Dardisk språkfamilietreethnologue.com