Dargaville

Koordinatar: 35°56′S 173°53′E / 35.933°S 173.883°E / -35.933; 173.883
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dargaville
by
Land  New Zealand
Areal 12,56 km²
Folketal 5 170 (30. juni 2018)[1]
Kart
Dargaville
35°56′00″S 173°53′00″E / 35.933333333333°S 173.88333333333°E / -35.933333333333; 173.88333333333
Wikimedia Commons: Dargaville

Dargaville er ein by i regionen NorthlandNordøyaNew Zealand, og administrasjonssenteret i Kaipara District. Han ligg ved breidda til Northern Wairoa River, 55 km sørvest for Whangarei.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Gumgravarstatue i Dargaville

Byen har fått namn etter den australske tømmerhandlaren og politikaren Joseph McMullen Dargaville (1837-1896). Han vart grunnlagd under den intense perioden med framgraving av gum (kaurikvae) og hogst av kauritreet (Agathis australis) frå 1870-åra og utover, og hadde ei kort tid det høgaste innbyggjartalet av byane på New Zealand. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 4455 innbyggjarar, ein nedgang på 75 frå 2001[4]. Byen er kjend for å ha mange innbyggjarar av dalmatinsk opphav. Området omkring er eit av dei viktigaste i landet for dyrking av kumara (søtpotet), slik at Dargaville for mange er kjend som «Kumarahovudstaden på New Zealand».

Området vart kjent for ein livleg industri med gummigraving og kaurihogst. Mykje av denne fann stad ved Te Kopuru, fleire km sør for Dargaville. Dei store tømmerstokkane vart transporterte med skip nedetter elva til skipsbyggjarar lenger sør, eller så langt bort som til Australia, og elva var òg ei hovudtransportsåre til Auckland på den tida.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dargaville har ei av dei lengste samanhengande sandstrendene på New Zealand, og ho er stort sett køyrbar frå den eine enden til den andre. Denne stranda er også tilhaldsstad for store og velsmakande skaldyr kalla Toheroa (Paphies ventricosa). Det var overfiske av desse i 1950- og 1960-åra så bestanden gjekk så sterkt attende at det vart forbode å fiska desse skaldyra. Dargaville er innfallsporten til det store skogområdet Waipoua Forest, som no er ein nasjonalpark og som har nokre av dei største kauritrea på New Zealand. Tāne Mahuta (som på māorispråk tyder «Herren i skogen») er det største av desse.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Dargaville ligg ved krysset mellom State Highway 12 og 14.

Nord for byen vart det bygd ei jarnvegslinje som opna i 1889, Donnelly's Crossing Section. Denne linja nådde si største lengde i 1923, og vart knytt saman med det nasjonale jarnvegsnettet i 1940. Donnelly's Crossing Section vart stengd i 1959, etter langvarig nedgang i trafikkgrunnlaget.

Området i dag[endre | endre wikiteksten]

Området kring Dargaville er no for det meste ein landbruksregion og produserer mengder av mjølkeprodukt og kjøt, der er sauefarmar og skogplanteindustri.

Innsjøane Kai Iwi lakes ligg om lag 25 km nord for byen. Baylys Beach er den lokale stranda, berre 13 km frå byen, og kan by på meir enn 90 km surfing på vestkysten.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

35°56′S 173°53′E / 35.933°S 173.883°E / -35.933; 173.883