Dario Cologna
Dario Alonzo Cologna (fødd 11. mars 1986) er ein sveitsisk langrennar frå landsbyen Santa Maria i Val Müstair i kantonen Graubünden. Cologna vann verdscupen i langrenn både i 2009 og 2011.
Cologna debuterte i verdscupen i november 2006. To år seinare slo han seg for alvor inn i verdseliten med ein andreplass i eit verdscuprenn over 30 km i La Clusaz i desember 2008. Ein månad seinare vann han Tour de Ski med god margin til toaren Petter Northug. Han vann også verdscupen den sesongen. I 2010-sesongen hamna han på tredjeplass i Tour de Ski, før han vart olympiameister på 15-kilometeren i Vancouver. Totalt kom han på fjerdeplass i verdscupen 2010. I 2010/11 og på ny i 2011/12 vann han Tour de Ski, også desse gongane med Petter Northug på andreplass. Han vann også verdscupen 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Dario Cologna» frå Wikipedia på tysk, den 12. januar 2012.