Dario Fo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dario Fo (fødd 24. mars 1926 i Sangiano, Provinsen Varese) er ein italiensk dramatikar og teaterregissør, scenograf, komponist, satirikar og skodespelar.

Dario Fo i Cesena (2008)
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1997

Virke[endre | endre wikiteksten]

Han revitaliserte commedia dell'arte-kunsten, og for det løna Svenska Akademien han med Nobelprisen i litteratur for 1997; «han som lik mellomalder-narrane refsar makthavarane og held oppe vørdnaden til dei undertrykte.»[1][2]

Fo fekk sitt gjennombrot i 1953 med revyen Il dito nell'occhio. I 1958 stifta han saman med kona Franca Rame teaterselskapet Compagnia Fo-Rame. Dei gjekk i 1968 inn i teaterkollektivet Nuova scena som var eit agitasjonsteater knytt til kommunistpartiet. Fo og Rame stifta teaterkollektivet La Comune i 1970.

Skjult teater[endre | endre wikiteksten]

Ideen med skjult teater er å framføre scener eller situasjonar i det offentlege rom – til dømes i ein supermarknad, på ein busshaldeplass, i ei gågate – utan at det er annonsert på førehand. Målet er å sprenge dei kunstnarlege rammene for teateret og dra problemstillingane i stykket tilbake til den røyndomen dei kjem frå. På grunn av samfunnsrefsinga som ligg i Fo sine stykke blir dei ofte brukt på denne måten. Han sjølv er fleire gonger blitt arrestert på scena.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "who emulates the jesters of the Middle Ages in scourging authority and upholding the dignity of the downtrodden".
  2. Nobelprisen i litteratur 1997 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dario Fo
Dario Fo i Norge