Darjeeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Darjeeling

Darjeeling (nepali दार्जीलिङ्ग, bengali দার্জিলিং) er hovudstaden i Darjeeling distrikt i delstaten Vest-Bengal i India. Namnet er sett saman av dei tibetanske orda for lyn, dorje, og stad ling, slik at namnet tyder 'lynlandet'.

Byen ligg 2,134 m.o.h. i åsane opp mot Himalaya. Han ligg ved 27,03° nord og 88,16° aust. . Arealet er 10.57 km². Befolkninga var i 2001 107  530. I Europa blei Darjeeling kjend på 1800-talet som ein av dei britiske Storbritannia kolonistane sine mest populære «hill stations» - feriestader i åsane opp mot Himalaya, der dei trekte seg tilbake for å unngå den varmaste tida om sommaren og dei drepande sjukdomane som følgde med.

På siste del av 1800-talet grunnla britane også store teplantasjar her, og distriktet er framleis berømt for sin Darjeeling-te.

Dette førte til ei stor innvandring frå Nepal (som den gongen framleis offisielt heitte Gorkha). Også arbeidarar som i Nepal høyrte til andre språkgrupper gjekk over til å bruke nepali som fellesspråk. Den nepali-talande befolkninga i området kallar seg enno gorkhaer, no også for å ikkje bli forveksla med innbyggjarar i Nepal. Darjeeling blei eit viktig sentrum for språk, litteratur og kultur på nepali.

Byen Darjeeling er forbunden til omverda via ein 80 km lang, smalspora (610mm) jarnbane til byen Siliguri, eller via ein veg, som går langs og kryssar jernbana mange gongar. Darjeeling Himalayan Railway i distriktet Darjeeling blei ført opp på UNESCO si liste over verdsarv i 1999. I 2005 la UNESCO til Nilgiri Mountain Railway som er ei forlenging til lista. Jarnbana, som blei opna i 1881, drivast av Indian Railway. Den blei bygd av britane mellom 1879 og 1881 og blir sett på som det første og enno det mest storslegne eksempelet på jarnbanar i veldig høgtliggande område.