Darnah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Darnah
Darnah
Darnah
Styresmakter
Land Libya
Geografi
Koordinatar 32°46′″N 22°38′″EKoordinatar: 32°46′″N 22°38′″E
Plassering
Darnah is located in Libya

Darnah eller Derna er ein by i Kyrenaika i Libya ved Middelhavet. Han ligg 275 kilometer nordaust for Benghazi og hadde i 1984 105 800 innbyggjarar. Byen har handel med sitrusfrukter, bananar og oliven og noko lettindustri. I byen er det ein marinebase.

Medan aksjonen til USA mot «røvarstatane» heldt på, vart Darnah teken av amerikanarane i 1805. Det var italienske styrkar i byen i perioden 1911-1912, og han var ein del av Italia frå 1939. Byen fekk store skadar under andre verdskrigen og vart hærteken av britane i 1942.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Darnah

Kjelder[endre | endre wikiteksten]