Dartmoorponni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dartmoorponni

Dartmoorponnien er ein ponnirase som stammar frå dei britiske øyane. Namnet sitt har dartmoorponnien frå området Dartmoor i Devon, England.

Raseskildring[endre | endre wikiteksten]

Dartmoorponnien er liten og nøysom, tilpassa det harde miljøet på lyngheiene. Eit vakse individ skal etter rasestandarden ikkje vere meir enn 127 cm i mankehøgd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har levd ponniar på Dartmoorheden i hundrevis av år. Ifylgje Dartmoor Pony Heritage Trust finn vi den fyrste dokumentasjonen alt i 1012, i biskop Aelfwold sitt testamente. Dei små ponniane har mellom anna vore brukt i tinngruver. På 1500-talet kom det lover som framelska større og tyngre hestetypar, men i avsidesliggande område som Dartmoor brydde ein seg ikkje mykje om dette. Opp gjennom tidene har det vorte kryssa inn mellom anna arabarhest og welsh-ponni.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Dartmoorponnien står oppført som sårbar hos Rare Breeds Survival Trust. I Noreg finst det nokre individ av denne ponnirasen, og det foregår avl i liten skala.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I dag vert dartmoorponnien oftast brukt som barneponni på grunn av den hendige storleiken. Han vert også brukt i terapiriding for folk som har eit handicap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]