Das Kapital

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kapital titel bd1.png

Das Kapital (Kapitalen) er eit bokverk i tre delar som er skrive av tyskaren Karl Marx. Boka er ei kritisk analyse av kapitalismen.

Den første boka i verket kom ut i 1867. Marx døydde derimot før dei resterande binda kunne bli utgjevne, men den andre og den tredje boka blei fullførte av venen Friedrich Engels og utgjevne i 1885 og 1894. Ei såkalla fjerde bok, «Teoriar om meirverdien» blei gjeven ut i ei redigert utgåve av Karl Kautsky i åra 1905-1910, det opphavlege manuskriptet blei først gjeve ut i 1956.

Ei norsk utgåve blei påbegynt på 1930-talet. Omsetjaren Erling Falk rakk å omsetje bok 1 og 2 og den første tridelen av bok 3 før han døydde. Pax forlag gav på 1970-talet ut forkorta versjonar av alle tre binda. Oktober forlag gav i 1983 ut ei omsetjing av del 1 bok 1 til bokmål, ut over 80-talet gav dei ut resten av bok 1, i til saman 4 delar. Røde Fane gav i 1994 ut ein del av bok 3, Loven om profittraten sin tendens til å falle. Ei utgjeving av Das Kapital er òg i planane til Bokklubben sitt Kulturbibliotek.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.