Das alte Karussell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Das alte Karussell»
Eurovision Song Contest 1956
Land Sveits
Artist(ar) Lys Assia
Språk Tysk
Komponist(ar) George Betz-Stahl
Låtskrivar(ar) George Betz-Stahl
Resultat
Finalepoeng N/A1
Finaleplass N/A1
Sveits i Eurovision Song Contest
«Das alte Karussell» «Refrain»
(1956)

«Das alte Karussell» (tysk for Den gamle karusellen) var eit av dei to sveitsiske bidraga i Eurovision Song Contest 1956, framført på tysk av Lys Assia.

Concours Eurovision 1956[endre | endre wikiteksten]

Saman med songen «Refrains», kjend som «Refrain», vann «Das alte Karussell» Concours Eurovision 1956. Båe songane vart framført av Lys Assia og Quinteta Radiosa, men berre Lys Assia var med i Eurovision Song Contest 1956.

Songen starta som nummer tre i finalen, etter «Sei doch nicht so eifersüchtig» av Lys Assia og før «L'allée aux ormeaux» av Jo Roland.

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer to i finalen, etter Nederland med «De vogels van Holland» av Jetty Paerl og før Belgia med «Messieurs les noyés de la Seine» av Fud Leclerc. Ein veit ikkje kva for plass bidraget enda på av di det vart ikkje gjeve nokon poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.

Det var det fyrste bidraget med tekst på tysk og det andre bidraget som vart framført i Eurovision Song Contest.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

1.^ Det vart ikkje gjeve nokon poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]