Dasaratha Maurya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dasaratha Maurya
Mauryaherskar
Regjeringstid 232 f.Kr.-224 f.Kr.
Føregjengar Asjoka
Etterfølgjar Samprathi

Dasaratha var keisar av det sørasiatiske Mauryariket frå 232 f.Kr. til 224 f.Kr. Han etterfølgde farfar sin Asjoka den store.

Den eigentlege tronfølgjaren var Asjoka sin son Kunala, men denne skal ha blitt rekna som ute av stand til å regjera ettersom han var blitt blinda som ung. I staden kom brorsonen hans Dasaratha på trona. Då Dasaratha døydde, arva sonen til Kunala trona.

Dasaratha innvigde tre av Barabarhòlene til ajivika-asketane. Tre inskripsjonar i hòlene viser til han som «Devānaṃpiya Daśaratha» ('Elska av gudane', ein tittel Asjoka òg brukte[1]) og fortel at han innvigde dei kort tid etter at han kom på trona.[2][3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]