Datçahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over provinsen med Datçahalvøya
Tradisjonelle vindmøller på Datça.

Datçahalvøya er ei 80 km lang, smal halvøy sørvest i Tyrkia mellom Gökovabukta i nord og Hisarönübukta i sør. Det administrative distriktet Datça, i provinsen Muğla, utgjer nesten heile halvøya. Byen Datça ligg om lag halvvegs ute på halvøya.

Tidleg på 1900-talet vart ho kalla 'Reşadiyehalvøya.

Den austlege halvdelen av halvøya er bar, kupert og tynt folkesett. Midt på halvøya ligg byen Datça, som strekkjer seg mot sørvest. Den vestlege delen av halvøy er òg fjellendt med toppar på over 1000 meter somme stader. Lengst vest på halvøya ligg Deveboynuneset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Datçahalvøya

Koordinatar: 36°42′26.52″N 27°33′07.10″E